Hopp til innhold

Går mot storkommune på Jæren

Klepp, Time og Hå er dei tre kommunane i Rogaland som har kome lengst i forhandlingane om ei eventuell samanslåing. Time-ordførar Reinert Kverneland håpar på ja.

Reinert Kverneland

TRAVLE DAGAR: Det er travle dagar for ordførar Reinert Kverneland i Time. Hå, Klepp og Time skal ha planen klar for ei eventuell kommunesamanslåing i januar.

Foto: Mari Friestad / NRK

Kvar tredje veke møtast representantar frå Klepp, Time og Hå for å diskutera alle sider ved ei eventuell samanslåing til éin storkommune.

– Stemninga har vore god på dei møta me har hatt. Det er klart det er litt ulike synspunkt i dei tre kommunane, men me har faktisk ganske mykje til felles, seier Time-ordførar Reinert Kverneland (H), som leiar styringsgruppa.

Seinare i dag skal 80 politikarar og tillitsvalde frå heile Rogaland samlast til ny storkonferanse om kommunereforma.

Har dårleg tid

– Det første temamøtet var om samfunnsutvikling, og det gjekk veldig bra. Me skal snakka om tenester neste gong, og alle vil jo ha tenestene nærmast mogleg seg sjølv. Då må me klara å visa korleis den nye kommunen fungerer, og at den vil fungera i alle tettstadane, seier Kverneland.

Les meir om kommunereforma i faktaboksen.

– Jærkommunane står fram som eit døme for andre. Det er nok desse tre kommunane som ligg i fremst, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Det er ho som har ansvaret for dei lokale prosessane rundt kommunesamanslåing i Rogaland. Kommunane er gitt frist til 1. juli neste år med å endeleg vedta eventuelle samanslåingar.

– Det seier seg sjølv: dei har knapt med tid, seier ho.

«Litt 50-50»

– Det er positive sider og negative sider. Me må få dei på bordet og ta ei vurdering etterpå. Eg har sagt mange gonger at eg er relativt skeptisk, men nettopp difor vil eg ha best mogleg grunnlag i botn, seier den nye ordføraren i Hå, Jonas Skrettingland frå KrF.

Ane Mari Braut Nese

50-50: Ane Mari Braut Nese (H), ordførar i Klepp.

Foto: Erik Waage / NRK

Han vil ikkje spå kva utfallet blir, og får støtte av Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H).

– Eg kjenner eg er litt 50–50 sjølv. Eg tykkjer det er spanande å gå gjennom denne prosessen, for det blir gjort eit grundig arbeid, seier Braut Nese.

Felles identitet

Reinert Kverneland

VIL RETTA SEG ETTER INNBYGGARANE: Time-ordførar Reinert Kverneland (H).

Foto: Mari Friestad / NRK

– Me har ein felles identitet allereie, og det er det ikkje mange som har når dei skal slå seg saman, seier Time-ordførar Reinert Kverneland.

Han håpar resultatet av forhandlingane blir éin storkommune på Jæren, men vil retta seg etter folkerøystinga som truleg blir den 25. april.

– Etter mitt syn er kommunane her store nok til å klara seg sjølv, sjølv om eg meiner det er betre å vera saman. Eg vil ikkje ha nokon inn med tvang, fordi det vil skapa strid etterpå. Slår utgreiinga feil, så slår den feil. Men då har me gjort jobben vår, og så får veljarane avgjera, seier han.