NRK Meny
Normal

Stemde for strengare asylpolitikk – nå slaktar han systemet

Stortingspolitikar Geir Pollestad (Sp) driv kampanje for at naboane hans frå Afghanistan ikkje skal kastas ut av Noreg. Han står likevel inne for asylpolitikken, som han sjølv var med på å vedta.

Geir Pollestad

SKAKA AV DÅRLEG SAKSBEHANDLING: Geir Pollestad frå Senterpartiet er skaka over saksbehandlinga ein familie frå Afghanistan har fått frå Utlendingsnemnda og Utlendingsdirektoratet. Familien frå Afghanistan bur i nabolaget til Pollestad på Bryne i Time kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Då Stortinget tidlegare i år gjekk inn for å gjera asylpolitikken strengare var stortingsrepresentant, Geir Pollestad frå Senterpartiet, ein av dei som var med på å få avtalen gjennom.

Når naboane hans på Bryne, ein familie frå Afghanistan, nå har blitt offer for den rådane asylpolitikken, protesterer han likevel høgt. Han meiner at saka deira har fått ei slett behandling.

Ville stemd for det same i dag

– Det skakar oss å sjå kor dårleg kvalitet det er på sakspapira som ligg til grunn for utvisingsvedtaket. Når folk du kjenner fryktar å bli steina til døde, så meiner eg at det krev betre saksbehandling enn det ein får dersom ein søker kommunen om å byggja ein garasje, seier Pollestad til NRK.

Men du har vore med på å bestemma asylpolitikken som ligg til grunn for behandlinga?

– Eg ville nok stemd for det same igjen, for eg er for ein streng flyktning- og asylpolitikk. Eg er også for rettsstaten, og at alle menneske skal få ei skikkeleg behandling. Derfor meiner eg at det er lov å engasjera seg i enkeltsaker, slik som dette, seier han.

Vil prøva saka for retten

Pollestad er nå med på ei kronerulling som skal finansiera advokathjelp for familien, som har freist til å forlata Noreg innan 24. august.

I følgje artiklar som Jærbladet har skrive om den afghanske familien, så blir ikkje foreldreparet trudd på kjærleikshistoria si. Dei to skal ha blitt saman utan familien sitt samtykke, noko dei hevdar får alvorlege konsekvensar om dei blir sende tilbake.

Pollestad er open på at venskapen hans med familien pregar engasjementet hans. Men han meiner at ei rettssak også kan gagna andre.

– Det er viktig å få testa saksbehandlinga framføre ein domstol. Me må sjå på om me har ei saksbehandling som er ein rettsstat verdig, seier Pollestad.

Pollestad er likevel klar på at han ønsker å jobba innanfor systemet.

– Det er heilt uaktuelt å gøyma nokon frå systemet her, men det å få prøva saka si for ein domstol er ein rett alle har, seier han.

– Alle har rett til å klaga

UDI ser på Pollestad sitt engasjement som positivt.

– Alle har moglegheit til å klage på UDI sine avgjersle og få saka vurdert av UNE. Vidare er det også mogleg å gå til retten dersom ein meiner at UDI eller UNE har gjort feil i saksbehandlinga, seier fagsjef i UDI, Dag Bærvahr.

Likevel forsvarar han UDI sine saksbehandlarar og intervjuarar.

– Dei har opplæring i korleis ein best mogleg skal kasta lys på og behandla asylsøknader etter det regelverket me har fått å forholda oss til.