NRK Meny
Normal

Storebror ser deg

50 ungdommar på Karmøy skal køyre rundt med datautstyr i bilane i halvanna år framover. Datautstyret skal registrera køyremåten til ungdommane og seier i frå når fartsgrensene blir brotne.

Bil
Foto: Theodor Kristensen / NRK

- Målet er å finne ut om ungdom endrar køyreatferda si positivt når dei har informasjon om fartsgrensa i køyretøyet, seier overingeniør Anne Beate Budalen Hansen i Statens vegvesen.

GPS-sendaren i bilen gir ikkje berre informasjon om kva fartssone ein køyrer i, han seier óg i frå dersom fartsgrensa blir broten.

"Oijoij" - ein irriterande lyd.

- Oijoij, er lyden som kjem ut av sendaren når det går for fort.

Christian Falnes som er 19 år har prøvekøyrt, og syns lyden var effektiv.

- Du ville ikkje køyrt fort for lenge, lyden er utruleg irriterande, seier han.

Trur utstyret kan berga liv

- Dersom dette kan hjelpa meg å køyra mindre fort, kan det óg hjelpa meg frå å hamna i ulykker. Det kan berga livet mitt det, legg Falnes til.

I morgon får 350 ungdommar i Karmøy kommune invitasjon frå Statens vegvesen og Trygt heim-prosjektet om å vera med.

- Dei unge Gjensidige-kundane i Karmøy kommune får tilbodet, fortel Budalen i Hansen. Ho seier at det blir spennande å sjå kor mange som melder seg på.

Trur "alle" får slik utstyr i bilen i framtida

Men Vegvesenet nøyer seg ikkje berre med ungdommane. På sikt reknar dei med at alle kan ha det automatiske overvakingsutstyret i bilane, og Budalen Hansen trur det er høgst reelt at mange nyttar seg av utstyret.

- Vi veit alle kor lett det er å oversjå fartsgrensene og me treng den informasjonen som utstyret gir for å kunna køyra sikkert, seier ho.

Budalen Hansen fortel at fleire store bilfabrikantar i Europa er interessert i å gjera utstyret til ein del av den ferdige delen.