Hopp til innhold

– Gjekk ned ein heil karakter i alle fag

Femmarane og seksarane sitt lausare på enkelte ungdomsskular. Difor er det ikkje sikkert at dei flinkaste elevane kjem inn på dei mest populære vidaregåande skulane, meiner rektor.

Elevar på St. Olav

Andrea Lorentsen, Elise Jensen, Amalie Sortland og Ena Sofo, går alle andre året på St. Olav. Elise Jensen merka at ho hadde fått vel gode karakterar då ho byrja på skulen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Eg hadde veldig gode karakterar på ungdomsskulen, men då eg kom på vidaregåande så gjekk eg ned ein heil karakter i alle fag, fortel Elise Jensen.

Ho går andre året på St. Olav vidaregåande skule i Stavanger. Då ho byrja på vidaregåande i fjor, oppdaga ho at ho hadde fått vel gode karakterar på ungdomsskulen.

– Eg kom frå Sola, der var det veldig lett å få gode karakterar. Medan eg merkar at det er ein skilnad mellom meg og dei som kom frå Kannik, fortel Jensen.

– Signifikant skilnad

At det er store skilnadar på korleis ungdomsskulane vurderar elevane sine, har også rektor på Hetland vidaregåande skule i Stavanger lagt merke til.

– Me opplever at det er stor skilnad, heilt avhengig av kva for ein skule dei kjem frå. Det er ein heilt signifikant skilnad, fortel rektor Torolv Hellemo.

Torolv Hellemo

Torolv Hellemo har vore rektor ved Hetland vidaregåande skule i 24 år. Han merker stor skilnad.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Så det kjem inn elevar med det same karaktersnittet, og så er det nokre som er mykje flinkare enn andre?

– Ja, og dette er kjent i fylkeskommunen, seier Hellemo.

– Kan ikkje ta ansvaret

Det er difor ikkje nødvendigvis slik at det er dei flinkaste elevane som får dei mest populære plassane på dei vidaregåande skulane, meiner han.

– Me har ikkje gjort det så systematisk at me har rangert ungdomsskulane, det har me ikkje. Men det er veldig lett å sjå skilnaden, seier Hellemo.

St. Olav vidaregåande er ein av dei populære vidaregåande skulane, men elevane som sjølv hevdar dei har fått for gode karakterar, synst likevel ikkje det er urettferdig at dei fekk plassen, framføre nokre andre.

– Det er ikkje vår feil at ungdomsskulen gav oss gode karakterar, det kan ikkje me ta ansvaret for, ler Jensen.