Hopp til innhold

Store skadar på Moi – vatnet stig framleis

Sjølv om ekstremvêret «Synne» har gitt seg, stig vatnet framleis på Moi. Årsaka er at Åna-Sira kraftverk har fulle magasin og må sleppa ut vatn.

Flom på Moi

MOI: Rolf Inge T Moi er ein av dei som har fått vatn inn i huset sitt på Moi. Han måtte sjølv kjempa mot vatnet sidan brannvesenet ikkje hadde kapasitet til å hjelpa. Nå har vasstanden gått ned ved huset hans, men den stig lengre nede i Lundevatnet.

Foto: Peter Monstad

– Eg snakka nett med NVE, og det er venta at Lundevatnet vil nå sitt høgaste klokka fire i natt. Det er venta at den då vil vera om lag ein meter over maksimal vasstand, seier brannsjef i Lund kommune John Skåland søndag kveld.

Dermed er altså ikkje «Synne»-herjingane over for Moi sin del. Bygda som allereie har fått store skader som følgje av ekstremvêret.

NorDan under flaumen

Dør- og vindaugefabrikken NorDan på Moi har ifølgje Brannvesenet i Lund fått dei største skadane.

Foto: Peter Monstad

Fleire øydeleggingar

Så langt er det hjørnesteinsbedrifta NorDan sin fabrikk, rådhuset og Eik treskofabrikk som har fått dei mest alvorlege skadane i Lund. I tillegg har brannstasjonen og Bedehuset stått godt under vatn.

Når vatnet nå stig i Lundevatnet, litt lengre nede, vil det først og fremst gå utover dei som bur på Nedre Stranda. Vatnet har allereie gjort skader her.

– Mange har fått vatn inn i kjellarane, brygger har blitt til pinneved og på Lundevatnet flyt det pallar, ved og søppel, seier Elisabeth Lea frå Moi, som bur på Øvre Stranda, men som nett har teke seg ein tur for å sjå på skadane.

Årsaka til at vatnet skal stiga er at kraftverket Åna-Sira må sleppa ut vatn på grunn av fulle magasin.

Kan ikkje prioritera private bustadhus

– Vasstanden i Moisåna går nå ned. Det var her det var verst tidlegare i dag, men sidan det nå kjem mykje vatn frå Sira vil den totale vassmengda i vatnet gå opp, seier Skåland frå Brannvesenet.

Han legg til at dei ikkje kan prioritera å hjelpa husstandane som tek inn vatn i løpet av kvelden og natta.

– Me må prioritera det mest alvorlege nå. Me føl med situasjonen, men i hovudsak skal personalet frå kommunen kvila seg nå, slik at me kan vera opplagde i morgon tidleg, seier Skåland.

Redningsstasjonen på Lund
Foto: Peter Monstad

Foreldre bør følga barna på skulen

Dei enorme vassmengdene som har hølja ned førte til stenging av begge bruene på Moi, nå er hovudbrua open, men den gamle brusteinsbrua er framleis stengd.

– Me er ikkje heilt sikre på kor mykje fundamentet i denne brua toler, så det er berre for å vera på den sikre sida, fortel Skåland.

Det går også ei gangbru over Moisåna. Denne blir brukt av skulebarn som skal til Nygård barneskule og Lund ungdomsskule.

Barneskulen har lagt ut melding på heimesidene sine om at dei oppmodar foreldre om å følgja barna sine over brua i morgon, men at skuledagen vil gå som normalt.

– Det viktigaste folk kan gjera nå er å ta godt vare på kvarandre, seier Skåland om unntakstilstandane på tettstaden sør i Rogaland.

Moi gamle bru

Moi gamle bru er stengt på ubestemt tid. Kommunen er usikre på om fundamentet toler dei store vassmassane.

Foto: Peter Monstad