Hopp til innhold

Store planar for spellemannshowet

Det blir festivaltilstandar rundt Spellemannprisen når utdelinga er flytta til Stavanger dei neste tre åra. Og årets TV-sending blir den største i historia, lovar produsenten.

Spellemannprisen

Dag Hvaring er produsent for spellemannprisutdelinga, som i år skal skje i Stavanger. Bilete er frå utdelinga i Oslo Spektrum 2011.

Foto: NRK / Eyeworks Dinamo

Spellemannprisen er 40 år i år, og arrangørane lover ei skikkeleg bursdagsfeiring i Stavanger konserthus om tre veker.

– Dette blir truleg den største livesendinga i norsk TV-historie innan musikk, i alle fall blir det den største nokon sinne i Spellemannprisen si historie, seier ansvarleg produsent for showet, Dag Hvaring.

– På kva måte?

– Me sender frå to store salar, og har dermed moglegheit til å bygga store nummer. Alt ligg til rette for å gjera dette veldig spesielt, seier han.

– Det kjem alltid ein skandale

Plateaktuelle Truls er ein av artistane som skal opptre på spellemannshowet, som blir sendt på NRK om tre veker. Det blir også ny musikk frå Maria Mena og Big Bang, men så mykje meir om korleis 40-årsjubileet skal feirast vil Hvaring ikkje røpa på førehand.

Maria Mena på Steinkjerfestivalen 2006

Maria Mena skal framføra ny musikk under spellemannshowet i Stavanger.

Foto: unknown / NRK

Han kan heller ikkje garantera for at ein unngår nye skandalar, som Plumbo sitt mokkamann-utspel i fjor.

– Det kjem jo alltid ein skandale i spellemann, heldigvis og kanskje dessverre har me ikkje kontroll over dette.

Konsertar i byen

Spellemannutdelinga skal skje i Stavanger dei neste tre åra, og planen er å bygga ein festival rundt hendinga. I dag blei Spellemanndagane lansert.

Fredag kvelden før prisane skal bli delte ut blir det konsertar med fleire av årets nominerte artistar, fordelt på fem av Stavanger sine klubbscenar.

Vinni, Mikael Paskalev, Tommy Tokyo, Annbjørg Lien og Niko Valkeapää, er nokre av dei som stiller opp. Men dette er berre byrjinga ifølgje prosjektleiar for Spellemanndagane, Geir Netland:

– Meininga er at me skal bygga dette ut til å strekka seg over fleire dagar. I 2014 kan ein forventa større og fleire artistar, seier han.

MGP-tilstandar

Då prisutdelinga blei flytta ut frå Oslo, var meininga å gjera konseptet større, ifølgje Dag Hvaring.

Han er også med på å produsera delfinalar i Melodi Grand Prix, og nå vil han ha MGP-tilstandar i Stavanger.

– Eg har vore med sidan byrjinga på MGP-delfinalane. Me har skapt eit stort engasjement og entusiasme i byar som ikkje er Oslo, ein del av denne modellen og desse mekanismane tar me med oss her.