Hopp til innhold

Statistikken seier nedrykk for Viking

Fleire lag har tidlegare vore i same båt som Viking og stått med seks poeng eller færre i eliteserien etter ti serierundar. Dei fleste rykkar ned.

Erik Nevland etter tap mot Haugesund

Viking-kaptein etter tapet mot Haugesund på måndag.

Foto: Jan Kåre Ness / Scanpix

Cato Guntveit

Brann var kriseråka etter 10. serierunde i 1998. Etter trenarskiftet hamna dei på 6. plass. Bilete er av Cato Guntveit i Europacupen. Gunntveit var spelaren med flest kampar for Brann i 1998.

Foto: MICHAEL PROBST / AP

Om ein ser på dei femten siste gongene tippeligalag har hatt like få, eller færre, poeng som Viking etter ti serierundar vil ein sjå at to av tre lag rykkar ned.

Dermed kan i alle fall ikkje kriseråka Viking lena seg på statistikken når dei skal prøva å redda klubben frå nedrykk, sjølv om tala viser visse lyspunkt.

Brann klarte det med trenarskifte

Den største bragda i dei dystre tala har Brann stått for. Etter ti rundar hadde dei berre fem poeng i 1998. I slutten av sesongen hamna dei på sjetteplass med 35 poeng.

Det som den gong måtte til for å løfta Brann var eit trenarskifte. Ut med Kjell Tennfjord og inn med Harald Aabrekk.

Etter dette tapte dei knapt ein einaste kamp.

Men ifølgje leiinga i Viking er trenarskifte uaktuelt på det nåverande tidspunkt.

Slik har kriseråka klubbar klart seg

Klubber med seks poeng og mindre etter ti serierunder

Sesong

Klubb

Poeng etter10. serierunde

Utfall

2011

Viking

6

?

2010

Hønefoss

5

Nedrykk etter kvalik

2010

Sandefjord

3

Nedrykk

2008

Ham Kam

6

Nedrykk

2007

Odd Grenland

4

Nedrykk etter kvalik

2006

Tromsø

6

Berga plassen

2003

Aalesund

5

Nedrykk

2003

Tromsø

5

Berga plassen

2002

Sogndal

5

11. plass

2001

Bodø/Glimt

6

9. plass

2000

Start

8

Nedrykk

1998

Haugesund

5

Nedrykk

1998

Brann

5

6. plass

1998

Sogndal

4

Nedrykk

1995

Ham Kam

5

Nedrykk

1995

Strindheim

5

Nedrykk

Ekspander/minimer faktaboks

– Ser mørkt ut for Viking

Det er sportsjournalist i NRK Arnfinn Fagerli som har henta fram tala. Han seier at samanlikninga kan vera problematisk sidan talet på klubbar i eliteserien har variert og sidan det i år ikkje er kvalikkamp.

Likevel slår han fast at det er meir enn femti prosent sjanse for at Viking rykkar ned:

– Berre tre spelarar har scora mål så langt i Viking, dei har den dårlegaste uttellinga på sjansar i eliteserien og den nest dårlegaste redningsprosenten, så der ligg jo forklaringa på kva som har gått galt, seier Fagerli.

Han legg til at Viking ikkje har hatt ein målscorar som har laga meir enn åtte mål sidan Peter Ijeh.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Video Åge Hareide en presset Viking-trener.

Video: Viking sliter etter tapet mot Haugesund.

Andre Danielsen også ute

Han veit ikkje om det vil vera riktig å sparka Åge Hareide. Men han trur at Viking kjem til å kjøpa seg vekk frå krisa fram mot haustsesongen.

– Nå har også Østenstad tatt hatten og gått, det kan jo ha ein effekt, seier han.

Han seier at det vil vera ein sensasjon i fotball-Norge om Viking i 2011 blir ein av to klubbar som rykker ned av seksten totalt.

– Viking er ein klubb som ut frå midlar og størrelse skal vera ein av dei fire beste klubbane i landet.

I kampen mot Brann på torsdag stadfestar han i alle fall ein ting:

– Om dei ikkje klarar å scora mål kan dei heller ikkje vinna.

Etter det tysdag ettermiddag blei kjent at Andre Danielsen vil vera ute med skade i fire veker ser det, om mogleg, endå mørkare ut for dei mørke-blå.