– Ungdom søker ikkje yrkesfag, difor ser vi utfordringar i framtida, seier Anne Beth Leknes.
Ho har jobba som frisør i over 30 år og driv salongen Grønnestad hårdesign i Haugesund.
Tidlegare har ho hatt køar av skuleelevar som har søkt læreplass, men dei siste åra har det blitt vanskelegare å få tak i lærlingar.
FÆRRE: Anne Beth Leknes driv Grønnestad hårdesign i Haugesund. Før var det mange frisørelevar som søkte læreplass. I år var ho heldig og fekk tilsette ein av seks som gjekk ut frå frisørlinja i byen.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKI år gjekk berre seks personar ut frå frisørlinja i byen. Ein av dei søkte heldigvis jobb hos Leknes.
Meir tid med læraren
Christina Larsen fekk jobben, og har vore lærling sidan starten på august. At dei var få elevar var ofte tema i klassen.
– Vi snakka om at vi var premiumklassen. Men det var kjekt å vere få, då fekk vi meir tid saman med lærarane, seier ho.
I 2020 har 514 søkt seg til frisørfaget. Det er 47 prosent færre enn i 2012, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.
Talet på aktive lærekontraktar har i tillegg gått ned med nesten 30 prosent frå 2010 til 2019.
Frisørar tenar dårleg og blir sjuke
Opplæringskontora i Bergen og Oslo skriv til NRK at det er vanskeleg å få tak i frisørlærlingar nå.
President i arbeidsgjevarorganisasjonen Norske frisørar- og velværebedrifter, Espen Sævold, trur frisøryrket slit med dårleg omdømme.
RYKTESVIKT: Espen Sævold meiner frisøryrket har fått eit ufortent dårleg rykte.
Foto: Visit– Vi opplev ein del ufordelaktige rykte om frisøryrket. Nokon seier at ein tenar dårleg og andre seier at ein blir sjuk, seier Sævold.
Organisasjonen er i gong med eit omdømmearbeid i håp om at fleire på sikt ønsker å bli frisør.
– Vi har sett i gong prosjekt om drift av salongar, det å vere leiar og det å kunne drive god opplæring, seier Sævold.
Ein sekkepost
Han meiner at det tidlegare har vore for mange frisørar og at noko nedgang er bra. Han trur også at mange som har blitt frisør tidlegare ikkje burde valt den yrkesvegen i utgangspunktet.
– Skulane har gjerne brukt frisøryrket som ein sekkepost. Då har vi kanskje fått litt for mange kandidatar som ikkje verkar, seier Sævold.
Men den ferske lærlingen Christina Larsen er overtydd om at ho har valt riktig fag.
– Eg gler meg til alle utfordringar og alle dei nye tinga vi skal lære, seier ho.