– Det er nesten som me må tilby heile verda berre for å få dei til å koma på eit intervju, seier Nick Horner.
Han er kjøkkensjef på Nick & Jonnies på Gaffel og Karaffel i Stavanger. Horner har jobba i restauranten i elleve år.
Aldri har det vore vanskelegare å få tak i folk.
– Eg kjenner mange i restaurantbransjen i Stavanger, og me sit alle i same båt. Det er svært vanskeleg å få tak i folk, for ikkje å snakka om kvalifisert arbeidskraft.
Mista mange under pandemien
Serveringsbransjen mista mange kokkar og servitørar under pandemien.
Nokre av dei gjekk til andre bransjar. I Stavanger-distriktet var det fleire kokkar som reiste offshore.
Ein god del av dei utanlandske arbeidarane reiste heim. Fleire av dei har ikkje kome tilbake.
– Det er ein veldig god arbeidsmarknad i Europa. Og vilkåra deira har blitt betre. Og så er kostnadsnivået i Noreg høgt, noko som gjer at det ikkje blir like attraktivt å flytta tilbake, seier Merethe Haftorsen som er direktør i Nav i Rogaland.
Merethe Haftorsen er direktør i Nav i Rogaland.
Foto: Nav RogalandSamtidig er det også rekordlåg arbeidsløyse i Noreg. I tala til Nav er det langt fleire ledige stillingar som kokk, servitør og bartender enn det er arbeidsledige med slik kompetanse.
NHO si medlemsundersøking for september at 52 prosent av medlemsbedriftene innan reiseliv mangla folk. Restaurantar og pubar er blant dei bedriftene. Og 51 prosent oppgav at dei tapar pengar på grunn av det.
Må seie nei til catering og selskap
– Eg trur ikkje eg har snakka med ei einaste bedrift som har nok folk, seier Bjørn Erik Sandvåg.
Bjørn Erik Sandvåg er regionleiar for NHO Reiseliv på Vestlandet og styreleiar for Gaffel og Karaffel i Stavanger.
Foto: Kjersti Hetland / NRKHan er styreleiar på Gaffel og Karaffel, men også regionleiar i NHO Reiseliv på Vestlandet.
– Nokre jobbar lange vakter, og nokre har redusert opningstidene, seier han.
På Gaffel og Karaffel må dei seie nei til oppdrag som catering og selskap utanfor huset.
– Me skulle gjerne tatt dei dersom me hadde hatt nok folk, seier han.
Og så går det utover opningstidene.
– Dersom me skulle hatt ope så lenge me skulle ønska, måtte me ha hatt eit ekstra skift. Det er det ingen restaurantar som har per i dag, seier regionleiaren i NHO, og legg til:
– Men det verste er at me ikkje kan vera så hyggelege som me skulle ønska at me kunne vera. Me må springa litt fortare. Og dersom det går utover servicen, er det lett å mista gjestar på det. Så det er ein farleg og vond sirkel me kjem inn i.
Konkurrerer på lønn
Ein konsekvens av mangel på arbeidskraft er at lønningane har gått opp. Kokkar kan gå frå den eine til den andre arbeidsgjevaren og forhandla.
Men med stigande prisar på fleire område, er Sandvåg uroa for kva konsekvensane vil bli på litt lengre sikt.
– Etter pandemien har me hatt råd til å betala betre fordi omsetninga auka, i alle fall hos oss. Men dersom det snur nå i vinter og folk går mindre ut, så har me mindre å betala ut. Og då må me kanskje redusera staben.
Han seier dei fleste som tar jobb nå forventar å tene gjerne 10, 20, 30 kroner over tariff.
– Då må me vera med på det reset som er.
– Vil det vera eit problem for fleire restaurantar?
– Det vil vera eit problem for alle, seier Sandvåg.