Hopp til innhold

Stor interesse for gatekunst i Stavanger

Interessa for gatekunst er aukande, ifølge Nuart-sjefen. På årets første guida gatekunstvandring i Stavanger søndag deltok omlag 450 personar.

Gatekunstvandring i Stavanger

Sjå video frå guida gatekunstvandring under Nuart-festivalen.

Norges største gatekunstfestival, Nuart, opna laurdag på Tou Scene i Stavanger for 16. gong.

Under festivalen jobbar gatekunstnarar frå heile verda, oftast med spraymåling og sjablongar på husveggar og næringsbygg.

Nuart 2016

Eit av omlag 100 kunstverk under Nuart 2016.

Foto: Eirik Gjesdal

100 verk

I år er resultatet tett opp til 100 verk som folk fritt kan studera nærare i Stavanger.

– Opninga var utseld og på gatekunstvandringa i dag deltok om lag 450 personar. Dette viser at gatekunst er veldig populært og interessa er aukande, fortel dagleg leiar for Nuart-festivalen, James Finucane.

Gatekunstvandringa under festivalen går frå Tou Scene og rundt Storhaug, og fokuserer på dei nye kunstverka som er laga for Nuart-festivalen 2016. Vandringa søndag var ein del av festivalen og derfor gratis.

Ei av dei som deltok var Eli Stangeland.

– Eg forventar å sjå nye, spanande ting og til å diskutera kunsten, seier ho.

Nuart 2016

Omlag 450 personar deltok under årets første guida gatekunstvandring i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal

Nye sjansar

Denne veka fekk gatekunsten kritikk for å vera kjedeleg og kommersiell. Det uroar ikkje kunstinteresserte Stangeland.

– Eg er ikkje uroa for ein tannlaus kunst. Kunsten vil alltid engasjera og det fantastiske med gatekunst er at folk som aldri går på galleri får sett kunst, meiner ho.

Fekk du ikkje med deg den guida gatekunstvandringa søndag, har du sjansen til guida tur kvar søndag seinare i haust til kunstverka på Storhaug.

Det finst også tilbod om guida kunstvandringa i Stavanger sentrum kvar laurdag framover.

Oversikt Nuart Festival 2016

Oversikt over kunstverkt under Nuart 2016.

Foto: Google maps/Nuart Festival