NRK Meny
Normal

Tommel opp for olja blant unge

I dag møtte 400 ungdomsskuleelevar opp på yrkesmessa for offshore- og maritime fag. Interessa for olje og sjø er stor blant dei unge, men mange er uroa for utsiktene til å få jobb.

Maritimt forum

Dagleg leiar i Maritimt forum, Fride Solbakken, var positivt overraska over oppmøtet på yrkesmessa for offshore- og maritime fag i dag. Angelica Fjelde gir yrkesmessa tommel opp.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me trudde kanskje at det ville koma færre elevar i år, med alt det som har stått i avisene og det at folk mistar jobbane sine, men ungdomane i dag syns også det er kjekt å tenka på å ta ei maritim- eller offshoreutdanning, seier Fride Solbakken, dagleg leiar i Maritimt forum i Stavanger.

I dag var ho med og arrangerte yrkesmessa for offshore- og maritime fag, på oljemuseet i Stavanger.

Der fekk nær 400 ungdomsskuleelevar frå Sør-Rogaland informasjon om vegen til ein jobb i den maritime næringa og i oljebransjen.

Sondre Lyse og Even Sædberg

Sondre Lyse og Even Sædberg var blant skuleelvane som var på oljemessa.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

For trass nedgangstider, er det fleire som ser for seg ei framtid i olja. To av dei er Sondre Lyse og Angelica Fjelde.

– Eg vil gå elektro, og bli elektrikar offshore. Det er draumen, seier Lyse.

– Eg vil jobba i Nordsjøen, fordi det ser sjukt kjekt ut, seier Fjelde.

Uroa for jobbutsiktene

Men sjølv om mange er positive til tanken på ein jobb i olja, er det fleire som er uroa for at dei ikkje får det.

For 40.000 jobbar har forsvunne frå oljenæringa sidan nedturen starta, og det har verka inn på ungdomen, og deira framtidige skuleval.

Nicolai Langenes

Nicolai Langenes er skeptisk til å ta ei utdanning som er retta inn mot oljebransjen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg trur ikkje eg kjem til å gå den vegen, på grunn av slik som situasjonen er no, seier Nicolai Langenes, frå Høyland ungdomsskule.

– Ikkje slik som tidene er no, men kanskje dersom det blir betre om nokre år, så kan det bli andre ting, seier Even Sædberg frå Jørpeland ungdomsskule.

– Begge næringane slit. Men det me har sett innanfor maritim næring, er at alle elevane som har søkt læreplass har fått det i år. Og det er veldig bra, seier Solbakken.

Og det er også dei som vil ta sjansen.

– Det har jo gått ned, men eg har eit håp om at det skal gå opp igjen, seier Angelica Fjelde.

Treng folk i framtida

For sjølv om dagens yrkesmesse gjekk føre seg på Oljemuseet – er bransjen slett ikkje klar for å hamne på museum.

– Med tanke på ny teknologi, så treng me dei kloke hovuda for å få ut meir av dei felta me allereie har. Og oljealderen er jo ikkje slutt enda, seier Solbakken.