Det er i dag venta om lag tusen muslimar til fellesbøn på Stavanger stadion. Tradisjonen tru er det Muslimsk fellesråd i Rogaland som inviterer til id-feiring, som altså er i dag.
Media har dei siste dagane vore prega av ein terrortrugsel mot Norge, som skal koma frå ytterleggåande islamistar med tilknyting til Syria. Slike formuleringar er Summer Ejaz i Muslimsk fellesråd i Rogaland mektig lei av.
- Les òg:
– Dette har ingenting med terror å gjera. Det er veldig trist at islam og terror blir knytt opp mot kvarandre. Islam har like lite med terror å gjera som kristendom og jødedom, seier Ejaz til NRK.no, medan muslimar kledd i sine flottaste klede i alle regnbogens fargar strøymer inn på stadion.
– Korleis taklar de dette?
– Det er dumt at media lenkar ekstreme islamistar og fundamentalistar med islamisme. For Islam betyr fred. Eg er ein islamist. Me må ikkje knytte terror og galskap til islamisme. Ein islamist kan aldri gjera kriminelle handlingar og drepa uskuldige menneske. Ein terrorist er aldri muslim og kan ikkje vera i religionen islam. Han er ein kaldblodig forbrytar, slår Ejaz fast.
- Les òg:
– Ekstra viktig å vera her i dag
I dag ønsker Summer Ejaz fokus på det han meiner islam og id-festen verkeleg står for. Mellom anna samlar dei inn pengar til folk som treng det.
– Hensikta med ramadan er å setja seg i ein situasjon der ein kjenner på svolt og tørst, samstundes som me skal vera tolmodige. Dette har vore spesielt relevant i år når me har vore vitne til krigen på Gaza, seier Ejaz.
Ramadan er den niande månaden i den islamske kalender, og er månaden mange muslimar fastar, spesielt dei ti siste dagane. Ifølgje Koranen var det i denne tida Muhammed fekk si første openberring. Den siste dagen i ramadan blir kalla id. Id er muslimar si største høgtid, og som på julaftan gir mange gåver til kvarandre på denne dagen.
– Dette er absolutt julaftan for oss. Etter fellesbønna her samlar folk seg heime hos familiane sine, gjerne hos den eldste mannen i familien eller heime hos mor og far. Då er det god mat og skikkeleg feiring, fortel Ejaz.
Årets faste har vore ekstra hardt med svært varme sommardagar, så i dag er nok mange muslimar ekstra glade for å feira id.
– Eg kan stadfesta at det har vore ekstra hardt ja. Me er ikkje vande med denne varmen i Stavanger, og når ein då skal fasta i 20 timar kvar dag blir ein verkeleg sett på prøve, seier han.
- Les og sjå video:
Ordførarbesøk
For ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, var valet enkelt då ho blei bedd om å opna bønna, spesielt med tanke på tida me er inne i.
– For min del gjer terrorsituasjonen det ekstra viktig for meg å vera her i dag. Me må visa at me står saman, og at me er ein by og eit land der motsetnader kan leva side om side. Og eg som ordførar er ein ordførar for alle, seier ho.
– Det er fint at eg får koma her og helsa til dei muslimske innbyggarane. Det er jo ei stor høgtid for dei, som me kan samanlikna med jul for oss, derfor synest eg det er ein sjølvfølge at eg kjem her og helsar, held Helgø fram.
Bra val å ta det utandørs
Det er Stavanger kommune som låner vekk stadion til Muslimsk fellesråd. Vanlegvis har dei lånt vekk ein hall, men i år var det ikkje mogleg å finna ein hall stor nok i dette tidsrommet. Ordføraren er likevel glad at det hamna på stadion.
– Eg er glad for å vera her, og eg er spent på ein slik type utearrangement. Det er eit fantastisk syn med alle dei fargerike nasjonaldraktene. Eg trur det var eit bra val å ta det utandørs i staden for inne i ein trong hall, seier Helgø
Arrangementet i Stavanger vil gå føre seg fram til tolv. Summer Ejaz håper at alt går etter planen.
– Folk samlar seg på grasmatta og rettar seg mot Mekka. Først ønsker imamen og ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, velkommen. Deretter blir det preik og bøn frå imamen, fortel han.
Vidare går festen til private heimar.
Politiet er i området
Grunna terrorsituasjonen er politiet ekstra bemanna. Sidan det er mange folk som samlar seg på stadion, stadfestar stabssjef, Håkon Strand i Rogaland politidistrikt, at også dei vil vera på plass.
– Dette er ein plass der fleire folk samlar seg, derfor er det naturleg for oss å vera i området. Men me skal vera diskret, seier Strand.
Han understrekar likevel at dei ikkje er der på grunn av at dette er ei muslimsk samling.
– Det er ikkje ei ekstra trugselvurdering i samanheng med at dette er id. Trugselen som har kome ikkje er retta mot noko konkret. Derfor retta me merksemda mot Gladmatfestivalen i helga, id i dag og me ser framover mot Blink-festivalen og landsskyttarstemnet, seier han.