Kai Stene, leiar for Prosjekt Oppreisning
Foto: Siri Bjelland Berven / NRKDet nye nasjonale kompetansesenteret for barnevernsbarn i Stavanger, tar sikte på å gjera noko med denne forskjellen.
Det seier prosjektleiar Kai Stene, i det som blir kalla for Prosjekt Oppreisning.
Fleire rapportar slår fast at mange barn som budde på Norske barneheimar frå 1954 til 1993 blei utsett for både omsorgsvikt og overgrep.
Tryggheim barnehjem i Stavanger. Fleire ungar som budde der, har fått erstatning frå Stavanger kommune
Foto: Rolf Marnburg / NRKI Rogaland får alle som opplevde overgrep erstatning. Men i dei tre nordlegaste fylka i landet, får dei ikkje ei krone.
Yngve Brox-Guldsbjørnsen fra Alta er ein av dei som har opplevd det.
- Alta kommune har kategorisk avvist å betala erstatning til tidlegare barneheimsbarn. Kommunen hadde ikkje råd til å følge oss opp då me var små, og dei har ikkje råd til å gi oss erstatning i dag heller, seier han.
Nytt overgrep?
- Mange opplever dette som djupt urettferdig, seier prosjektleiar Kai Stene. Han går så langt som å seie at det for nokon kan følast som eit nytt overgrep.
Men Stene meiner ikkje det er grunn til å gi opp for dei tidlegare barneheimsbarna, som ennå ikkje har fått erstatning.
- Erfaringa hittil viser at når kommunane får tilstrekkeleg med informasjon, så gjer dei gode valg, seier han.
Men kommunepolitikarane må oppleve at det er ei pressgruppe som gir dei besked. Visst ikkje så slepp dei å ta det opp, avsluttar Stene.