Hopp til innhold

Stor bondeprotest mot dette som drikkevatn

17 bondelag kastar seg inn i kampen for å hindre at Birkelandsvatnet i Bjerkreim, skal bli omgjort til drikkevasskjelde. Bøndene i området fryktar forbod og restriksjonar.

Birkelandsvatnet

VIDEO: Interkommunalt vann-avløps og renovasjonsverk, IVAR, har nemleg søkt NVE om uttak herfrå for å sikre drikkevatn nok til Jæren.

Camilla og Tor Gunnar Gjedrem

Camilla og Tor Gunnar Gjedrem.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Du kan ikkje utvikle ein gard dersom du lever med frykta for at det skal komme restriksjonar på drifta di, seier Tor Gunnar Gjedrem.

– Det kan komme forbod på sikt, og det er ein for stor uvisse for oss til å leva med, seier Camilla Gjedrem.

Dei to gardbrukarane ved Birkelandsvatnet fryktar ein kvardag med forbod og restriksjonar knytt til vatnet i nærleiken. Dei reknar med heilt andre reglar for bruk av Birkelandsvatnet dersom det skal bli drikkevatn.

Vil ha drikkevatn til 300.000

Interkommunalt vann-avløps og renovasjonsverk, IVAR, har nemleg søkt NVE om uttak herfrå for å sikre drikkevatn nok til dei 300.000 som bur i Stavanger-området og sørover på Jæren.

Ivar meiner Birkelandsvatnet er det klart beste alternativet både når det gjeld kostnader og vasskvalitet. Heller ikkje er det nødvendig med restriksjonar på bøndene si drift, seier Ivar. Men mange som bur langs vatnet er usikre på om dette stemmer.

Gunnhild Vassbø

Gunnhild Vassbø, tidlegare Senterparti-ordførar i Bjerkreim.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Om lag 40 gardar ligg rundt vatnet og dei er redde for kva restriksjonar som kan koma med eit drikkevassvedtak. Erfaringane frå kva som skjedde med eit anna vatn i området, som blei tatt til drikkevasskjelde på 60-talet, lovar ikkje godt.

– Nå har dei gjerda Stølsvatnet inne. Du får lov til å gå der, men det er berre så vidt, seier Gunnhild Vassbø, tidlegare Senterparti-ordførar i Bjerkreim.

17 bondelag i ryggen

I dag stilte leiar Bente Gro Milwertz Slettebø i Bjerkreim Bondelag opp med underskrifter frå 17 andre bondelag, som alle tar parti for Camilla og Tor Gunnar og naboane.

Bente Gro Milwertz Slettebø

Bente Gro Milwertz Slettebø, leiar i Bjerkreim Bondelag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Fleire av dei har sendt inn eigne innspel til NVE om at dei vil sei nei takk dersom drikkevatnet skal koma ifrå Birkelandsvatnet og dei andre har sagt at dei står bak oss, og at me kan bruka det for det det er verdt, seier Bente Gro Milwertz Slettebø, leiar i Bjerkreim Bondelag.

Saka er alt utsett ei gong. Men i morgon skal fylkesutvalet i Rogaland gi sitt høyringssvar til Birkelandsvatnet som drikkevasskjelde eller ikkje.

Birkelandsvatnet

Det ligg 40 garder i området rundt Birkelandsvatnet.

Foto: Ole Andreas Bø/NRK