NRK Meny
Normal

Stor auke i talet på arbeidsledige

5806 personar står no utan arbeid i Rogaland. Dette er ei auke på heile 18 prosent samanlikna med november i fjor, viser tal frå NAV.

The Aker Barents drilling rig in Barents Sea

Arbeidsløysa i Rogaland går kraftig opp, samanlikna med november i fjor. Biletet er frå arbeid på leiteriggen Aker Barents i Barentshavet, ei næring mange rogalendingar er knytt til.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

Ved utgangen av november er arbeidsløysa i Rogaland 2,3 prosent av arbeidsstyrka.

I Noreg står 2,6 prosent av arbeidsstyrka utan arbeid.

– Me merker at det er vanskelegare for unge å finne seg praksisplass i ordinære verksemder no enn for nokre månader sidan, og trur dette heng saman med tilstramminga i mange verksemder knytt til olje- og gass sektoren, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

– Uansett arbeidsmarknad må bedrifter og partane i arbeidslivet hugse å sjå framover og vere med og ta ansvar slik at dei yngste og dei med nedsett arbeidsevne får høve til ein plass i arbeidslivet, seier Nordahl.

Arbeidsløysa aukar i dei fleste yrkesgrupper

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Med unntak av jordbruk, skogbruk og fiske, auka arbeidsløysa i alle yrkesgrupper i november.

Sidan i vår har arbeidsløysa innan bygg- og anlegg heldt seg stabil. Dette er ei av dei yrkesgruppene som har hatt minst auke det siste året.

Ingeniør og IKT-fag har størst prosentvis auke i arbeidsløysa samanlikna med november i fjor.

– I kor stor grad dei mange varsla oppseiingane denne hausten vil vise i arbeidsløysetala dei neste månadane er usikkert. Me ventar at dei fleste som er råka av dette vil finne seg nytt arbeid forholdsvis raskt, men trur òg at dette kan resultere i ein auke i arbeidsløysa på nyåret, seier Nordahl.

Kommunevise forskjellar

I 20 av 26 kommunar i fylket aukar arbeidsløysa, ifølge NAV. Unntaka er Vindafjord, Time, Sokndal, Lund, Tysvær og Hjelmeland, som har ei lita nedgang.

Haugesund og Karmøy har høgast arbeidsløyse på høvesvis 3,5 og 3,0 prosent. Arbeidsløysa i kommunane på Nord-Jæren har ei prosentvis auke som ligg på opp mot 20 prosent samanlikna med november 2013.

I november vart det lyst ut 1187 ledige stillingar i Rogaland, ein nedgang på 17 prosent samanlikna med november 2013.

187 av stillingane vart lyst ut i kommunane nord for Boknafjorden (Haugesund, Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Sauda og Suldal kommune).