Hopp til innhold

Nordmenn vil ha Skyr

Mykje kan tyda på at folk liker Q-meieriene sitt nye islandske produkt Skyr. Selskapet har auka salstala med heile 15% etter at dei byrja med produktet.

Skyr

Denne har ifølgje Q-meieriene gitt arbeid til 650 nye kyr her i landet. Mange vil definera skyr som ein yogurt, men den er tørr og har fast konsistens.

– Dette fortel oss at det er eit behov for auka mangfald i meieridiskane i Norge, seier Bent Myrdahl, administrerande direktør i Q-Meieriene.

Q-meieriene lanserte Skyr på tampen av 2009, og ei ny sjokolademjølk i februar i år. Når halvtårstala for sal viser ein auke på heile 46 millionar kroner, kan dei takka dei to nye produkta sine for 85% av denne auken.

Direktøren legg stolt til at Skyr har sysselsett 650 nye kyr her i landet.

Frå Island

– Når me lanserte Skyr hadde me venta at salet i 2012 skulle liggja der det er i dag, seier Myrdahl, som er svært nøgd.

Kvifor trur du at nordmenn kasta seg på Skyren dykkar?

– Skyr kjem eigentlig frå Norge, og blei teken med til Island på 900-talet. På Island levde tradisjonen med å laga skyr vidare, mens han dauda ut her i Norge. Nå har me fått den tilbake, og eg trur det er konsistensen, smaken og det at det er sunt folk liker.

Bent Myrdahl legg til at på Island et kvar innbyggjar 10 kilo skyr i året.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.