Hopp til innhold

Barneministaren grip inn - stoppar kutta i barnevernet

Barneminister Solveig Horne (Frp) stoppar kutta i barnevernet på Vestlandet. Dermed er institusjonsplassane til småbarnsfamiliane freda – i denne omgang.

Bufetat ville leggja ned halvparten av barne- og familiesentera på Vestlandet. Då greip barneminister Solveig Horne inn og stoppa kutta.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Tilbodet ved institusjonsplassane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane får leva vidare etter at Solveig Horne stoppa dei planlagde kutta.

Bufetat region Vest (Barne-, ungdoms- og familieetaten) hadde bestemt seg for å kutta i tilbodet til dei aller yngste borna. Region vest dekker dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Over halvparten av dei 18 institusjonsplassane for småbarnsfamiliar skulle vekk, i Stavanger hadde dette betydd at tilbodet forsvann heilt. Alt som eit resultat av at etaten må spara 180 millionar kroner neste år.

Men då barne-, likestillings og inkluderingsministeren vart kjend med saka og konsekvensane dette vil få gjennom NRK, har ho sagt stopp til direktoratet.

Solveig Horne

SA STOPP: Barne-, likestillings og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp)

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er veldig viktig med førebyggjande arbeid, difor har eg i dag gitt beskjed til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om å stoppa den omstillinga i tilbodet til småbarnsfamiliar, seier Horne til NRK.

Hjelpetiltak for småbarnsfamiliar

Tilbodet det er snakk om er eit hjelpetiltak for gravide, einslege foreldre og par med eitt eller fleire barn i ulik alder, der det er uro for barnet sin omsorgssituasjon. Tilbodet er ikkje lovpålagd, og det er foreldra sjølv som har omsorga for barnet under opphaldet. Gjennom eit frivillig opphald i fire til seks veker får familiane oppfølging og hjelp. Her er tilsette til stades som gjennom desse vekene vurderer om det er best for borna å vera i familien eller om fosterheim er den beste løysinga.

– Dette er eg sjølvsagt veldig glad for, seier Connie E. Ørstavik, fagkonsulent i Bufetat og tillitsvald i Fellesorganisasjonen.

Connie E. Ørstavik

STRÅLANDE NØGD: Connie E. Ørstavik, fagkonsulent i Bufetat og tillitsvald i Fellesorganisasjonen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Forsking syner at det er heilt utslagsgivande og veldig viktig for borna i risikogruppa at ein må gripa inn tidlegast mogleg.

– Me vart jo veldig overraska, fordi me var i ferd med å utvida frå to til tre plassar i Stavanger, og så blir me føreslått lagde ned.

– No som de er førebels freda, vil de halda fram arbeidet med å utvida til tre plassar?

– Så seint som i januar var det eit tilbod som var heilt klart, så eg håpar me kan halda fram der me slapp, seier ho.

– Ikkje ein sjanse med dagens økonomi

Det er dei store innsparingane som må gjerast i etaten som er årsaka til dei store – og no stoppa – kutta.

– Me har ein særs anstrengt økonomi. Med våre økonomiske rammer, har me ingen moglegheiter for å halda oppe alle tilbod etaten tilbyr på dagens nivå. nbsp;Dei siste åra har me også redusert i andre tilbod, og i månadane som kjem må me vurdera også andre tiltak, seier Øistein Søvik, regiondirektør i Bufetat region vest.

Søvik seier at dei kunne tilfredsstilt fjorårets etterspurnad med mellom 10 og 12 plassar, og at 28 av 82 kommunar nytta tilbodet.

– Kor vil de gjera innsparinga no?

– Me er i gang med vurderingar av dette.

– Kva skjer vidare no?

– Drifta av dei tre statlege sentera held fram som før, og oppseiinga av avtalen med eit privat senter i Haugesund blir trekt tilbake. Så jobbar me vidare på andre områder. Dette endrar ikkje det grunnleggjande problemet: At region vest har svært anstrengt økonomi, og at me må forholda oss til dei økonomiske rammene me får, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Barne- og familiesenter
Foto: Arild Eskeland / NRK

Evaluering mot slutten av året

Men tilbodet er ikkje freda i all framtid. Mot slutten av året skal ei ny evaluering leggjast til grunn for den vidare organiseringa.

– Direktoratet skal koma med ei anbefaling og evaluering av det tilbodet me har no og det tilbodet me skal gje til dei utsette borna og familiane. Den rapporten skal koma i slutten av året, og fram til den er på plass så har eg bedt om å stoppa den omstillinga på gang, seier Horne.

Men Ørstavik har tru på at evalueringa vil syna at behovet for dette tilbodet er viktig nok til at det får vidare levetid.

– Eg trur og håpar at det blir heldt oppe også etter at evalueringa er klar. Me har klart å setja fokus på dette i så stor grad at dei ser behovet for desse tiltaka, seier Ørstavik.