Hopp til innhold

Stoppa store mengder narkotika på veg til Rogaland

Tollarar har beslaglagt tusenvis av narkotiske tablettar dei siste vekene. Tre av pakkane var adressert til Rogaland.

Narkotikabeslag Rogaland

I denne sendinga var det 200 LSD-drypp og 199 ecstasytablettar. Dei var på veg til Haugesund.

Foto: Tolletaten

Over tusen tablettar med narkotisk stoff, samt hundrevis av LSD-drypp, har blitt beslaglagt dei siste vekene.

Tollarar på Postens østlandsterminal ved Oslo lufthavn kan telje over 1300 piller og meir enn 200 LSD-dosar.

Desse skulle alle til ulike adresser i Rogaland, melder etaten på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Oppdaga ved rutinesjekk

Den eine pakken var kategorisert som «beauty product» og hadde i seg over 1000 tablettar. Pakken kom frå England.

– Beslaga blei gjort ved ein rutinekontroll, seier tolloverinspektør Heidi Eriksen i Tolletaten.

Dei to andre sendingane inneheldt nokre hundre dosar ecstasy og LSD. Det eine brevet kom frå Nederland og skulle til ein 24 år gammal mann i Rogaland.

Narktotikabeslag Rogaland

Denne pakken inneheldt 101 tablettar med ecstasy og ti LSD-drypp. Brevet kom frå Nederland, og skulle til ein mann (24) i Rogaland.

Foto: Tolletaten / Twitter

Tyder på «business»

– Dette blir vurdert som for stor mengde til eigen bruk, seier Heidi Eriksen.

Overinspektøren vurderer storleiken på beslaget som «i øvre sjikt», men ikkje heilt uvanleg.

No blir forholdet meldt av Tolletaten, og skal etterforskast vidare av politiet.