Hopp til innhold

Stiller ut lukta av kloakk, fisk og sveitte

Bylukt frå Kansas blir no stilt ut i Stavanger. Kunstnar Sissel Tolaas har samla inn og kopiert 10.000 lukter dei siste tjue åra.

Sissel Tolaas

STINKBOMBER? Nokre av flaskene til kunstar Sissel Tolaas luktar roser og nykverna kaffi. Andre luktar drit.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Det luktar litt av kvart her. Det er ikkje berre roser og sitronar. Her er det både kloakk, fisk, sveitte og så vidare, seier kunstnaren.

I 20 år har lukt vore prosjektet til kunstnar Sissel Tolaas. Med seg til Stavanger har ho 150 glas med forskjellige lukter, og i kveld opnar utstillinga i Galleri Sølvberget på Stavanger kulturhus.

10.000 dufter

Tolaas samlar lukta av byar rundt om i verda, og utstillinga i Stavanger tek utgangspunkt i eit prosjekt frå Kansas City i USA i 2012. På golvet i galleriet ligg kart frå Kansas City og Missouri, der Tolaas jobba i sju år med det ho kallar for ein lukteleik ute i bydelane.

– Du kjem inn i eit nabolag der du ser ein stor plakat som er utgangspunktet for lukteleiken. «Aha, der borte kan eg kanskje finna ei lukt», kan du tenka. Alle stasjonane er merka med ein nase, men du må sjølv finna lukta. Eg berre hjelp deg på vegen, seier kunstnaren.

Utstilling av Sissel Tolaas på Galleri Sølvberget på Stavanger Kulturhus

BYKART: Kart som ble satt opp i Kansas.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Tolaas er fødd i Stavanger, men har budd i Berlin i mange år. På lageret sitt i den tyske hovudstaden har ho 10.000 ulike dufter, eller syntetiske versjonar av dufter, som det eigentleg er.

– Eg kopierer lukta av vatn, Missouri river, eller sveitte. Ein kjemisk reproduksjon av ei lukt, seier ho.

– Ikkje kamufler luktene

Sissel Tolaas

KUNSTNAR: Sissel Tolaas.

Foto: Anett Johansen Espeland/NRK

Lukt er identitet, men i dagens samfunn er reinslegheit veldig i fokus. Me tilslører ofte verkelegheita, klasseskilja og dei sosiale ulikskapane med vask og parfyme, meiner Tolaas. Difor tek ho med seg lukta av kloakk, sveitte og øl på utstilling.

– Slike lukter blir oversette eller kamuflert heile tida. Det tykkjer eg er heilt feil, seier Tolaas.

No er ho i gang med å samle inn lukta av Stavanger.

I kveld opnar utstillinga "Smellscapes", som er den første utstillinga Galleri Sølvberget på fire år. Galleriet vart nemleg stengd i 2011, då kulturhuset skulle spara pengar. At nettopp Tolaas får æra av å gjenopna det kommunale kunstgalleriet, er heilt på sin plass, meiner gallerileiar Hildegunn Birkeland.

Hildegunn Birkeland

GALLERILEIAR: Hildegunn Birkeland.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Eg tykkjer det er fascinerande at ho opnar for heilt nye sansar og ting me aldri tenkjer over. Ho set dette inn i interessante kontekstar, knyt det til fordommar og alt det me assosierer med ei lukt, så det er veldig interessant med fokus på dette.