– Farfar var faktisk ei rockestjerne

Gitarist i Kaizers Orchestra, Terje Winterstø Røthing, trur desse bileta blir viktige, når han ein gong i framtida skal overbevisa barnebarn om at han faktisk har vore rockestjerne.

Før Norges største rockeband tar ein lengre pause, skal dei stillast ut i svart kvitt.

– Ei enormt verdifull minnebok, kallar gitarist i Kaizers Orchestra, Terje Winterstø Røthing, utstillinga.

Innsida og utsida

Det er på Galleri Sult i Stavanger kaizershistoria nå blir nå stilt ut, før den same utstillinga kjem til Rockheim i Trondheim på nyåret.

Bandet sin faste fotograf gjennom ti år, Paal Audestad, har sett historia frå utsida, Winterstø Røthing har knipsa bilete frå innsida.

For gitaristen vil bileta vera mest verdifulle lengre inn i framtida.

– Det vil vera greitt å ha desse bileta når eg skal overbevisa barnebarn om at farfaren deira faktisk har vore ei rockestjerne, seier Winterstø Røthing.

Sjå TV-sak:

Gitarist i Kaizers Orchestra, Terje Winterstøl, trur desse bileta blir viktige, når han ein gong i framtida skal overbevisa barnebarn om at han faktisk har vore rockestjerne.

►SJÅ VIDEO: Terje Winterstø Røthing og Paal Audestad stiller ut Kaizers Orchestra-bilete på Galleri Sult i Stavanger. (Foto: Bjørn Olav Skjæveland)

Les meir:

– Utstillinga er ein signatur

Kaizers Orchestra skal snart ut på sin siste turne innan overskodeleg framtid. Bileta som har blitt tatt av bandet vil stå att som ein signatur, meiner bandet sin vokalist, Janove Ottesen.

– Me er eit veldig visuelt band. Det er så mange ting å sjå på at dette blir ein signatur, seier han.

Ottesen tar ein kikk på eit bilete av seg sjølv, fullstendig utsliten i ein garderobe bak ein scene ein stad i Europa.

– Folk veit det kanskje ikkje, men me tar oss ut, seier vokalisten og ler.

Winterstø Røthing legg merke til at fansen på eit tidleg bilete frå ein konsert i Europa berre er menn.

– I Norge er det vel kanskje omvendt, det er flest kvinner som står nærast scenen.