Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på Kiss-konsert

Nokon byrja nesten å grine, medan andre rippar opp i debatten om Stavanger som konsertarrangør for gårsdagens heltar. Reaksjonane på Kiss konserten er sterke og delte i oljebyen.

Neste sommar kjem Kiss til Stavanger. Dei har solgt 100 millionar plater, og feirar snart 40-årsjubileum. Konserten på Viking stadion, kan bli rockebandets største konsert i Norge noensinne.

►SJÅ VIDEO: Roger Utsola er Kiss-fan, og byrja nesten å grina då han fekk nyheita om at bandet kjem til Stavanger.

I dag blei det klart at Kiss skal halda konsert i Stavanger neste sommar, og reaksjonane har ikkje latt venta på seg.

Berre timar etter offentleggjeringa hadde Aftenbladet-journalist Eivind Aarre lagt ut sin reaksjon på nettstaden Youtube.

Ein humoristisk video der ei scene frå filmen «Der Untergang» er teksta, slik det ser ut som om Hitler er i harnisk over at Kiss kjem til Stavanger.

(Sjå videoen her)

– Artistar på hell

– Denne bookinga styrkar Stavanger sitt rykte som ein by som tar imot artistar som er på hell, seier Aarre, som understrekar at han har laga videoen på privat initiativ.

Sist gong denne debatten var oppe var då det blei offentleggjort at Mods skulle spela stadionkonsert på Viking stadion i sommar. Men konsertkulturen i oljebyen var også eit heitt emne då Whitney Houston spelte i Stavanger sommaren 2010.

I videoen til Aarre blir denne debatten rippa opp i, med tanke på at Kiss er eit band som har heldt på sidan 1973, og at alt tyder på at dei har sett sine største dagar.

Journalisten slaktar likevel ikkje bookinga.

– Med tanke på å selja ut ein stadion er nok dette ei smart booking dei har gjort. Og eg meiner langt ifrå at det er på høgde med Mods bookinga. Skal eg gje terningkast fire, medan Mods var terningkast 1, seier han.

Men helst ville han sett meir aktuelle artistar spela i Stavanger, og om han kunne velja frå øvste hylle er det Coldplay som skulle ha vitja stadion.

– Det er heilt klart at Stavanger berre får smulane av det bookingselskapet Live Nation klarer å få til Bergen, og det er ikkje meg imot å få opp debatten rundt dette, seier han.

Og bookingsselskapet gjer Aarre grunn til håp.

– Bergen har lenge vore eit satsingsområde lenge. Men framtida vil nok visa at det kjem meir moderne band til Stavanger, seier Christian Schøyen, som er prosjektleiar i Live Nation.

– Eg klarer ikkje å sjå objektivt på dette

Ein av dei fremste kritikarane av Stavanger som konsertby har vore musikkbloggaren Øyvind Berekvam.

Men når det kjem til Kiss må han melda seg ut av debatten.

– Eg kan rett og slett ikkje uttala meg objektivt, for eg er blodfan av Kiss, seier den tidlegare kulturjournalisten i Aftenbladet

Han har blogga om sitt forhold til bandet, og skal sjølvsagt på konserten, som han seier vil bli ein fest for fleire generasjonar.

– Eg har ein femåring heime som eg skal ta med, den elleve år gamle dottera mi blir nok tvungen med, og får eg det som eg vil blir også mor mi med. Ho har blitt plaga av at eg har spelt Kiss gjennom heile barndommen min, det er på tide at ho får sjå dei, fortel han.

Byrja nesten å grina

Om mogleg var det likevel ein som var gladare enn Berekvam då nyheita om Kiss-konserten kom i dag.

Roger Utsola er ein av Norges aller største Kiss-fan. Heile armane har han dekorert med teikningar av bandmedlemmar.

– Dette er det største som har skjedd. Eg har drøymt om å få Kiss til Stavanger i 30 år, så dette er heilt uverkeleg, seier Utsola.

– Då eg fekk høyra dette var det rett før eg byrja å grina, seier han.

(Sjå reaksjonane til Utsola i video i topp av artikkelen)