Sterke reaksjonar på Ap-forslag

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland frå Høgre meiner Arbeidarpartiet sviktar Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt med sitt nye forslag. – Me er villige til å vera realistiske, seier leiar for Rogaland Ap, Arne-Christian Mohn.

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn er fylkesleiar i Rogaland Arbeidarparti. Han seier hans ønske er at Sunnhordland- og Haugaland framleis skal vera saman som eitt politidistrikt som i dag, men at han er open for å sjå på andre løysingar.

Foto: Ap
Torstein Tvedt Solberg

Torstein Tvedt Solberg i Ap i Rogaland er ein av dei som står bak forslaget som skal opp på landsmøtet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– På Vestlandet har me vore tilhengarar av ein fylkesmodell, mest av alt sidan me vil ha eit nærpoliti i motsetnad til eit fjernpoliti, som regjeringa legg opp til, seier Torstein Tvedt Solberg frå Ap i Rogaland. Han er ein av dei som står bak forslaget som Bergens Tidende i dag skreiv om.

Her kjem det fram at delegatar frå dei fire fylkeslaga på Vestlandet vil dela politidistrikta etter fylke.

Då kan Sunnhordland og Haugaland politidistrikt bli delt i to, der ytre del med Fitjar, Stord og Bømlo blir sendt nordover til Hordaland politidistrikt, medan indre del med Sveio og Etne blir ein del av Rogaland politidistrikt.

Reagerer på forslaget

Sveinung Stensland

Sveinung Stensland er leiar for Rogaland Høgre.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Stortingsrepresentant og leiar i Rogaland Høgre, Sveinung Stensland, har reagert kraftig på nyheita.

– Det er veldig trist at dei bøyer seg for press frå Bergen, om å splitta distriktet i Haugaland og Sunnhordland. Me i Rogaland Høgre har jobba mykje for å halda det samla, seier Stensland.

Fylkesleiar i Rogaland Ap og ordførarkandidat i Haugesund håper først og fremst at distrikta kan vera slik dei er.

– Men dersom det ikkje lar seg gjera, er me villige til å vera realistiske og sjå på andre måtar å dela inn politidistrikta på. Eg har kome med forslag om å gå inn for fylkesvis inndeling med lokale tilpassingar, seier Mohn til NRK.

Han meiner Haugaland og Sunnhordland er ei slik lokal tilpassing.