Meiner Ap har bomma i medisin-saka

Roy Steffensen meiner rogalandsbenken i Ap har gått på et sviande nederlag. Aleksander Stokkebø i Høgre har framleis stor tru på medisinstudium ved UiS.

Roy Steffensen (Frp)

Roy Steffensen meiner Ap har gått på eit sviande nederlag i saka om medisinstudium til UiS.

Foto: Frp

Måndag kveld skreiv Khrono at det førebels blei nei til medisinstudium i Stavanger.

Fylkesordførar i Rogaland Marianne Chesak (Ap) er svært skuffa.

– Regjeringa har sjølv valt å leggja det nye sjukehuset kloss i Universitetet i Stavanger (UiS). At dei då vel å ikkje utnytta synergien det ville gitt, er veldig skuffande, seier Chesak til NRK.

Regjeringa har lagt fram forslag om å fjerna monopolbestemmingane for rettsvitskap, psykologi og teologi. Men å halda på monopolet for medisin inntil vidare.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet bekrefta måndag kveld overfor Khrono at dei støttar forslaget frå regjeringa. Chesak vil ikkje seie at ho er skuffa over eige parti.

– Eg er skuffa over manglande støtte. Spesielt over regjeringa, som valde plasseringa av det nye sjukehuset, meiner Chesak.

Med hjelp frå lokalt næringsliv blei startfinansieringa på 84 millionar kroner for studiet sikra tidlegare i år. No må altså UiS venta med å gå i gong med planar om medisinutdanning.

– Det har vore stor regional vilje, og eit spleiselag for å få dette til. Det er viktig for forsking og utdanning å få dette til Stavanger. Dette er veldig, veldig synd, seier Chesak.

Fylkesordfører Marianne Chesak og rektor ved Universitetet i Stavanger Klaus Mohn.

I februar feira fylkesordførar Marianne Chesak og UiS-rektor Klaus Mohn at startfinansieringa for medisinutdanninga ved UiS var på plass. Måndag kom beskjeden om at det ikkje blir medisinutdanning i Stavanger denne gong.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Ikkje spikaren i kista

Torstein Tvedt Solberg (Ap) seier til NRK at det ville ha vore uklokt av Arbeidarpartiet og Stortinget å no avspore prosessen som er sett i gong av regjeringa.

– Dette er ikkje spikaren i kista eller kroken på døra for ei medisinutdanning ved UiS, seier han.

Regjeringa har i staden for å fjerna monopolet på medisinutdanninga, varsla ein nasjonal prosess om dimensjonering av medisinutdanninga.

I denne samanheng vil dei vurdere om denne skal inkludera fleire institusjonar enn i dag.

I tillegg er det nedsett ei arbeidsgruppe som skal vurdera ei kapasitetsauke for medisinutdanningane.

Torstein Tvedt Solberg i Arbeiderpartiet

Torstein Tvedt Solberg i Ap meiner døra langt frå er lukka for medisinstudium ved UiS.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Ap har svikta

Stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) meiner det er heilt ellevilt av fylkesordførar Chesak å skulda på at regjeringa ikkje sikrar fleirtal for å vedta medisinstudium ved UiS.

– Hadde Ap støtta Frp sitt forslag kunne me ha pressa på for fleirtal. Men her har Ap latt vera å kjempa UiS sin sak i Stortinget. Dermed står Frp no åleine igjen om å fremja forslag og stemma for medisinutdanning ved UiS. Dette er skuffande. Ap har svikta full og heilt, seier ein tydeleg irritert Steffensen til NRK.

Han påpeiker at då statsbudsjettet blei lagt fram i haust, uttalte Tvedt Solberg til Aftenbladet at han var ekstremt skuffa over at Høgre brøyt lovnaden om å avklare medisinstudium i Stavanger, og kalla dette eit mageplask.

Også Hadja Tajik har vore klar på at medisinstudium til Stavanger måtte på plass raskt.

– Her har Tajik og Tvedt Solberg tapt som det syng etter. Dei har ikkje levert innanfor partiet, meiner Steffensen.

Frp står åleine om å ville køyre på med medisinstudium i Stavanger no.

– Fleire rektorar har i sine høyringssvar sagt at dette er eit grep me kan gjere allereie no. Det er eit stort behov for å utdanna fleire legar i Noreg.

– Når utgreiinga er klar i løpet av hausten, kjem me til å be om å få presentert den på Stortinget. Då håper eg at resten av rogalandsbenken kan bruke det neste halve året godt på å forankra den i eige parti, seier Steffensen.

Aleksander Stokkebø

Aleksander Stokkebø (H) har framleis stor tru på medisinstudium til UiS.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Har stor tru på studium

Stortingsrepresentant Aleksander Stokkebø (H) reagerer på utspela og premissane til Ap i denne saka.

– Dei går på eit stort mageplask, seier Stokkebø.

Stokkebø meiner på si side at dei er nærmare medisinstudium i Stavanger no enn nokon gong.

– Eg deler utolmodigheita etter å komma i gong med det. Me har sett ned ei ekspertgruppe, som før påske besøkte UiS med samtalar om medisinstudium. UiS jobbar no vidare fram mot sin frist i juni for å leggja fram planar og berekningar. Døra er framleis vid open, forklarar Stokkebø.

Fleirtalet har peika på at dei treng alle tal og fakta på bordet før dei gir grønt lys for medisinutdanninga ved UiS.

– Eg kjem til å jobba vidare for medisinstudium til Stavanger. Og eg trur det er gode moglegheiter for at det skjer, seier Stokkebø.

Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget skal gi si innstilling tysdag 15.30, og saka skal behandlast på Stortinget 18. mai.

Flere nyheter fra Rogaland