Fakta
"Marit, jeg vil gjøre alt for å boikotte deg, nyttårsaften skal du jages fra torget".
Det er noko av innhaldet i ein av e-postane som Marit Myklebust har fått etter at det vart klart at ho ville ta fire nye år som ordførar.
- Når ein som eit anstendig og ordentlig menneske blir samanlikna med slangen i paradis og får slike e-postar som eg har fått, synes eg ei grense er broten, seier Myklebust.
Ho understrekar at ho er sterk og tolar mykje, men seier at ho ikkje vil utsetja sine næraste for dette. Det same har medlemsmøtet i Arbeidarpartiet sagt, og derfor kasta partiet inn handkledet måndag kveld og braut ut av samarbeidet.
Samarbeidet som provoserte
Arbeidarpartiet i Eigersund vart valtaperen i årets kommuneval. Dei gjekk kraftig tilbake medan Høgre og Framstegspartiet gjekk fram. Likevel låg det an til at Marit Myklebust skulle få fire nye år som ordførar, på grunn av eit valteknisk samarbeide med framstegspartiet, sv og senterpartiet.
Det har vakt sterke reaksjonar i Eigersund, men den personlege hetsen har gått langt over streken, meiner Myklebust.
Eg synes kritikken er sårande, simpel, usakleg og på eit lavmål, seier Myklebust om angrepa som har kome på e-post, i innlegg på kommunen si nettside og i lesarinnlegg, og ho trur ikkje det hadde slutta der. Ho vi imidlertid ikkje seia noko om kva type personar som har kome med desse tilbakemeldingane.
Støtte frå politiske motstandarar
Marit Myklebust får støtte frå politisk motstandar Sigvart Bilstad frå Framstegspartiet. Gjennom samarbeidsavtalen var han sikra varaordførarvervet, men også han reagerer sterkt på angrepa mot Myklebust, og forstår at AP no trekkjer seg frå samarbeidet.
Både Bilstad og Myklebust fryktar for rekrutteringa til politikken om lokalpolitikarar skal bli utsett for sterke personangrep.
- Eg trur folk tillet seg å sei kva som helst til politikarar, men folk gløymer at eg er mor, eg har foreldre, eg har nære vennar, seier Myklebust. Bilstad fryktar det å vera lokalpolitikar skal vera så tøft både for politikaren sjølv og for dei næraste, at folk ikkje vil gå inn i politikken.
John Skaara vert ordførar
John Skaara frå valvinnar høgre vert no ordførar, men når han får høyra kvifor Marit Myklebust trekk seg, synes han det er leit.
- Dette er å gå langt over streken, og bør ikkje aksepterast, seier Skaara om personangrepa på Marit Myklebust.
Både Skaara, Myklebust og Bilstad forstår at folk reagerer på valteknisk samarbeid som ikkje avspeglar valresultatet, men alle er einige i at ei grense er broten i denne saka.
Tysdag kveld møtes partia i Eigersund for å koma fram til ein politisk platform for dei neste fire åra. Alt som er sikkert er at John Skaara frå Høgre vert ordførar.