NRK Meny

STERK VIND SKAPER PROBLEM:

Det blæs godt i Rogaland, og ved Eigerøy melder Meteorologisk institutt nå om full storm. Politiet har fått inn meldingar frå rundt om i fylket om trampolinar på avvege, velta tre og ein båt som har slite seg. Trafikken blir også påverka av vêret: På Jærbanen må reisande rekna med forseinkingar og ferja mellom Lauvvik og Oanes er stengt. Fylkesveg 501 mellom Rekeland og Heskestad er stengt på grunn av eit tre som ligg over vegen.

Trampoline på avvege på Klepp
Foto: Magnar Larsen