NRK Meny
Normal

Desse tunnelane blir stengt for vasking

Fleire tunnelar i Rogaland blir nattestengt den komande veka. Statens vegvesen skal nemleg ta haustvasken.

Stengt byhaugtunnelen

Byhaugtunnelen er blant dei som skal vaskast til vintaren, og blir nattestengt. Heile oversikta kan du sjå nedst i saka.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Reine tunnelar gjer at det blir betre sikt. Då blir det også tryggare å køyre gjennom, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Truls Kolnes, i ei pressemelding.

Til saman er det ni tunnelar som skal vaskast. Arbeidet startar på sundag, og det er nokre timar på kvelds- og nattestid stengninga skjer.

– Vi stenger om natta for å ikkje hindre trafikken for mykje, seier Kolnes.

Tunnelane som skal vaskast har faste omkøyringsruter. Desse er skilta medan vaskinga pågår.

Arbeidet skal etter planen vera fullført på torsdag i neste veke.

DISSE TUNNELENE BLIR STENGT:

TUNNEL

VEG

STARTTIDSPUNKT

SLUTTIDSPUNKT

Kleppetunnelen

fv. 44

21.09 kl. 20.00

21.09 kl. 22.00

Austråttunnelen

rv. 13

21.09 kl. 22.00

22.09 kl. 02.00

Hillevågstunnelen

fv. 44

22.09 kl. 02.00

22.09 kl. 06.00

Storhaugtunnelen

fv. 427

22.09 kl. 20.00

23.09 kl. 01.00

Bergelandstunnelen

fv. 509

23.09 kl. 01.00

23.09 kl. 06.00

Auglendshøyden nord

E39

23.09 kl. 21.00

23.09 kl. 01.00

Byhaugtunnelen

E39

24.09 kl. 00.00

24.09 kl. 02.00

Auglendshøyden sør

E39

24.09 kl. 01.00

24.09 kl. 06.00

Solasplitten

fv. 509

24.09 kl. 21.00

25.09 kl. 06.00