Stenger skule etter smitteutbrot

Kommuneoverlegen i Suldal har søndag kveld hastevedtatt å stenge Sand skule frå måndag 21. juni til onsdag 23. juni, etter at det har blitt påvist smitte ved skulen. Kommunen har eit pågåande smitteutbrot med totalt 10 smittetilfelle og 258 nærkontaktar i karantene.

– Situasjonen er alvorleg, seier kommunedirektør Karin Dokken Austvik til NRK.

Sidan pandemien kom i mars 2020 har Suldal hatt 11 smittetilfelle i eigen kommune. Nå er talet nær dobla til 21.

Kommunen har utført massetesting på 1., 6., 9. og 10. trinn ved Sand skule, og desse er definert som nærkontaktar. Elevane er sett i karantene og husstandsmedlemmene er bedt om å gå i ventekarantene. Også 8. trinn er testa, men ikkje definert som nærkontaktar.

– Me blir ikkje overraska om det kjem fleire positive svar måndag, seier Austvik.

Laurdag hadde ni personar fått påvist smitte. Søndag fekk ytterlegare ein person påvist covid-19. Smittekjelda til utbrotet er ein samankomst utanfor kommunen.

Flere nyheter fra Rogaland