Steinalderfunn kan forseinka vegprosjekt

Det er funne spor etter busetnad frå steinalderen på Brusand – midt i eit område der det er planar om ny veg.

Steinalderfunn på Brusand.

Det er gjort eit 6.000 år gamle steinalderfunn på Brusand.

– Det er veldig spanande å gjera så store funn etter godt bevarte buplassar, seier arkeolog Sigrid Dugstad.

Ho er overraska over funnmengda, og trur området kan ha vore heimen til fleire frå steinalderen.

Veg midt i funnområde

Sigrid Dugstad

Sigrid Dugstad, arkeolog.

Foto: Stian Skjerping

Her er det funne hundrevis av reiskap frå steinalderen. Blant anna flintsteinar som blei brukt som knivar.

– Eg trur dette kan ha vore fleire buplassar. Kanskje det har vore ei familiegruppe som kom tilbake til staden i ein årssyklus, seier arkeologen.

Den 6.000 år gamle steinalderbuplassen er funnen like ved fylkesveg 44, der Hå kommune planlegg å bygga ein omkøyringsveg som er viktig for utbygging av bustader og industriområde.

Mons Skrettingland

Mons Skrettingland, ordførar Hå (H).

Foto: Stian Skjerping

Vegen skal gå midt i området der funnet er gjort.

Usikre konsekvensar for vegprosjekt

Det var Hå sine planar om nytt bustadfelt og ny veg på Brusand som førte til at utgravingane blei sett i gang.

– Heilt ærleg er eg meir oppteken av det som er over jorda enn under, seier ordførar i Hå, Mons Skrettingland (H).

Han vil ikkje gå inn på i kva grad det historiske funnet vil fordyra vegprosjektet.

– Det er altfor tidleg å seia noko om dette nå. Eg trur me skal finna ei løysing som ikkje forseinkar vegarbeidet for mykje, seier ordføraren.

Les òg: Har funnet 3500 år gammelt hus

Les òg: Her finn marinarkeologen truleg hamna til kong Håkon den fjerde