Stavangerregionen må ha meir vatn

Stavangerregionen har berre nok drikkevatn i sju år til. Innan 2025 må ei ny drikkevasskjelde stå klar, seier IVAR-direktør Kjell Øyvind Pedersen.

Vannkran

IVAR-direktøren er uroa både for mengde og kvalitet på drikkevatnet i Stavangerregionen i framtida.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

I debatten om val av ny drikkevasskjelde for Stavangerregionen har det også kome fram at bruken av vatn i Stavanger og Sandnes har gått ned dei siste åra.

Politikarane i Fylkesutvalet i Rogaland spør nå om det verkeleg er bruk for nytt drikkevatn. Eller kan lekkasjetetting av røyr og innføring av vassmålarar gjera det unødvendig, undrar fylkespolitikarane.

Portrettbilde av Kjell Øyvind Pedersen, adm. dir Interkommunalt avløps-vann og renovasjonsverk, IVAR

I ny drikkevasskjelde må vera på plass før seinast 2025, seier IVAR-direktør Kjell Øyvind Pedersen.

Foto: IVAR

– Når eg høyrer slikt snakk så blir eg litt matt, seier Kjell Øyvind Pedersen, administrerande direktør for Interkommunalt vann-avløps og renovasjonsverk (IVAR).

Må sikre seg meir vatn

Direktøren sit med ei plansje framføre seg som viser korleis Statistisk sentralbyrå (SSB), ser på folkeveksten i Stavangerregionen fram til 2050.

Birkelandsvatnet i Bjerkreim med utsikt til gardar på Espeland

Birkelandsvatnet i Bjerkreim, med fleire gardsbruk på Espeland i bakgrunnen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Den viser at ein gong mellom 2020 og 2025, så vil forbruket av vatn vera høgare enn det IVAR kan tilby i dag, seier Pedersen.

Seinast i 2010 var det ein tørkesommar, som gjorde at dei nåverande vasskjeldene var nede i 50 prosent av vanleg kapasitet. Det var likevel nok vatn, men kvaliteten og temperaturen var ikkje god nok, minnest Pedersen.

Noko er i ferd med å endre seg

– Dei siste fem åra har vassforbruket i Sandnes gått ned med fire prosent. I same periode har innbyggjartalet auka kraftig, fortel Kjersti Ohr, som er leiar for VAR-sektoren i Sandnes kommune.

Portrett av Kjersti Ohr, leiar av VAR-sektoren i Sandnes kommune

Bruken av vatn i Sandnes kommune har gått nedover dei siste fem åra, seier leiar av VAR-sektoren, Kjersti Ohr.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho vil likevel ikkje overprøva IVAR si vurdering av behovet for ei ny drikkevasskjelde. Men der er fylkespolitikar i Rogaland, Torfinn Ingeborgrud (MDG) klar og tydleg.

– Nå ser me at vassforbruket går ned på Nord-Jæren. I mest 10 år har det gått nedover og då kan ein verkeleg lure på om det er behov for meir drikkevatn, seier han.

Debatten har endra seg

I tillegg til Sandnes fortel Stavanger kommunen at vassforbruket var 20 prosent lågare i fjor enn i 2010.

MDG-politikar Torfinn Ingeborgrud i midten av fleire grunneigarar rundt Birkelandsvatnet i Bjerkreim

Torfinn Ingeborgrud, MDG i Rogaland, saman med fleire grunneigarar som bur ved Birkelandsvatnet i Bjerkreim.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Saman med kraftig kritikk frå fleire kantar, fordi IVAR ønskjer at Birkelandsvatnet i Bjerkreim skal bli ny drikkevasskjelde, har presset auka på vassleverandøren.

Seier klårt ifrå

IVAR-direktør Pedersen meiner at kritikarane må sjå utviklinga over fleire år, enn ein femårsperiode.

– Vassforbruket held følge med folkeveksten, og den kjem tilbake, slår han fast.

Då er det ikkje rett å utsetja arbeidet med ei ny drikkevasskjelde, på bakgrunn av forbruket i ein periode med både oljekrise og fråflytting, meiner Kjell Øyvind Pedersen.