Hopp til innhold

Høgre sitt miljøforslag er så ambisiøst at MDG blei snurte

Stavanger vil bli ein av dei mest klimavennlege byane i Europa innan 2030. – Kanskje klarer me 90 prosent reduksjon i klimautsleppet, seier Sissel Knudsen Hegdal (H).

Stavanger sentrum, kø

Dersom Stavanger kommune skal nå målet sitt må så godt som all bruk av diesel, bensin og olje vekk, ifølgje Naturvernforbundet Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ingen motordur i hagen på Jæren.

Sjølv om ein gravemaskin gjer grovjobben, og ein hjullastar står med motoren i gong.

Forklaringa er at begge er elektriske.

Elektrisk gravemaskin i arbeid i ein hage på Jæren.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dei kostar tre gonger så mykje som diesel-maskinar, men dei er kjøpte inn med tanke på framtida, seier innkjøpssjef i Rental One, Kjetil Friestad.

Må kutte i biltrafikk og søppel

Anleggsbransjen er ei av næringane som må omstilla seg om Stavanger skal nå målet sitt om å bli klimanøytral i 2030.

Kommunen skal prøve å bli ein av 100 utvalde byar i Europa, som klarer det.

– Då må så godt som all bruk av diesel, bensin og olje vekk i Stavanger, seier Erik Thoring, leiar i Naturvernforbundet i Rogaland.

El-bil til lading

Fleire må køyre elbil

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men i tillegg må innbyggjarane legge om på andre vanar.

Dei må gå frå bruk og kast-mentalitet til eit lågforbrukssamfunn, gjennom meir gjenbruk, energieffektivisering og bruk av fornybare energikjelder.

Eit viktig grep ville vore å få på plass eit fangstanlegg for klimautsleppet frå forbrenningsanlegget for søppel på Forus.

– Med hjelp av ekspertise frå EU, kan me få det til, seier Daria Maria Szymaniuk i Miljøpartiet dei grøne.

Søppelforbrenningsanlegget på Nord-Jæren slepp ut om lag 100 000 tonn CO₂ i året. Totalt slapp Stavanger ut 421 000 tonn i 2019.

Forus Gjenvinninganlegg
Foto: IVAR

Eigarane, saman med Aker Carbon Capture er alt i gang med å planlegge eit anlegg for CO₂ fangst. Den utgreiinga viser at dei må ha støtte frå staten, men EU-støtte vil også koma godt med

– Me har foreløpig ikkje høyrt noko offisielt frå Stavanger-politikarane, men det vil vera naturleg at dette er eit aktuelt prosjekt, seier prosjektdirektør, Audun Aspelund.

Universitetet får ei viktig rolle

EU krev at lokalt næringsliv tar ein stor del av kostnadane.

Det har mange selskap på Nord-Jæren sagt seg interesserte i, fordi det kan hjelpa i ei omstilling frå olje til grønare næringar.

Rehabilitering av rådhuset i Stavanger på utsleppsfri byggeplass

Byggeplassen, som tar seg av rehabiliteringa på rådhuset i Stavanger, er utsleppsfri.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I tillegg skal Universitetet i Stavanger oppretta eit sekretariat, som skal samordna innsatsen.

Sender snart søknad

Stavanger er ein av minst fire norske byar som vil ha draghjelp av EU sitt Ny Horisont-program.

Det er ikkje plass til meir enn maksimalt tre norske byar.

I løpet av året melder Stavanger si interesse.

– Det er eit ambisiøst mål å bli klimanøytral i 2030, slår Sissel Knudsen Hegdal frå partiet Høgre, fast.

Sissel Hegdal Knudsen

Sissel Knudsen Hegdal er gruppeleiar for Høgre i kommunestyret i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho meiner likevel at byen må ta sjansen, når det er mogeleg å få innspel og ekspertise frå både EU-systemet og frå 99 andre europeiske byar.

– Kanskje klarer me 90 prosent reduksjon i klimautsleppet, eller 95 prosent. Det viktige er at me stakar ut ein kurs og tar ansvar for miljøet, seier Knudsen Hegdal.

Daria Maria Szimaniuk, gruppeleiar MDG i Stavanger. Portrettbilde

Daria Maria Szymaniuk, er gruppeleiar for MDG i Stavanger kommunestyre.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er ein så god idé at me i MDG er litt snurte på at det var partiet Høgre, som først foreslo dette, seier Daria Maria Szymaniuk i Miljøpartiet dei grøne.

Erik Thoring i Naturvernforbundet prøver å dempa forventningane.

Han viser til Lyse energi sin rapport frå 2020. Den seier at Sør-Rogaland truleg ikkje klarer meir enn 26 prosent kutt i klimautslepp fram til 2030.

– Det er vel mest ingen som i fullt alvor trur at Stavanger blir klimanøytral innan 2030, men dei skal ha for «driven», seier Thoring.

Erik Thoring

Erik Thoring leiar Naturvernforbundet i Rogaland.

Foto: Kees Fjellvang

EU-bidraget er ennå ukjent

Ny Horisont-programmet til EU har eit budsjett på 950 milliardar kroner. Av dette skal truleg om lag 100 milliardar kroner gå til satsingar på eit grønare Europa

Kva som blir budsjettet for dei 100 byane er ennå ukjent. Truleg offentleggjer EU tala den 15. april.