NRK Meny
Normal

Stavanger får millionar til å bli smartare og meir effektiv

Stavanger er ein av tre europeiske byar som får til saman 200 millionar kroner frå EU til utvikling av meir effektiv IKT, mobilitet og energi.

Stavanger

SKAL BLI MEIR EFFEKTIV: Stavanger er ein av tre europeiske byar som skal bli eit fyrtårn for Europas smarte byar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stavanger blir eit fyrtårn for Europas smarte byar – saman med Manchester i England og Eindhoven i Nederland.

Byane i Europa veks og må utvikla smarte løysingar for å bli gode å bu i, og dei gode løysingane skal utviklast og prøvast i Stavanger. Byen skal bli eit lågkarbonsamfunn og ein berekraftig by.

Det er målet med eit nytt EU-prosjekt Stavanger skal delta i. Prosjektet er kalla «Smart Cities and Communities» (NB! Ekstern lenkje!).

Veit kva pengane skal brukast til

Bjørg Tysdal Moe

GLER SEG: Fungerande ordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe (KrF).

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Me skal bruka pengane på å gjennomføra prosjekt som me allereie har planlagd. Til dømes ein energisentral der svømmehallen og næringslivsbygga rundt kan driva mykje meir energieffektivt. Me kan til dømes bruka kulde frå frysediskar til å kjøla ned kontor, seier fungerande ordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe (KrF).

Prosjektet er verdt 200 millionar kroner samla for dei tre byane over fem år.

– Lyse ligg langt framme med infrastruktur rundt breiband og nett, og dette kan brukast til veldig mange andre ting også, seier Tysdal Moe, og ramsar opp blant anna:

– Me har fiber liggjande rundt om kring, men den kan nyttast til veldig mykje meir enn i dag, og då kan me utvikla det. Til dømes i samband med mobilitet: det å ha møter saman utan å møtast fysisk, dette med handling, post og veldig mykje me ikkje veit om i dag, men som skal løysa dei framtidige utfordringane våre, seier ho.

IKT, energi og mobilitet

Dette prosjektet handlar om IKT, energi og mobilitet. Stavanger skal bli ein pilotby med forflytting.

30 byar var med i kampen om å bli ein av dei tre pilotbyane. Tysdal Moe seier dei allereie har planane klare for kva dei skal bruka sin del av pengane på.

– No har me planane, og no skal dei gjennomførast. Me skal få til ei smart løysing av dei prosjekta me allereie har, seier Tysdal Moe.

Startskotet går i januar då avtalen skal signerast.

– Då håpar eg innbyggjarane våre verkeleg skal få merka at me er ein innovativ region og at me finn smarte og gode løysingar, avsluttar Tysdal Moe.