Hopp til innhold

Joar ville avlaste kommunens bemanningsproblem – fekk nei

Skular og barnehagar i Stavanger kommune slit med sjuke tilsette og bemanning, men fleire søkarar til ein vikarkampanje har fått nei då born treng kjente og trygge vaksne.

Joar Skorpe

Med lærarerfaring og politiattest var Joar Skorpe klar for å bidra som vikar. Han synest det er rart å få avslag, samtidig som at kommunen roper etter bemanning.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg hadde ingen økonomiske grunnar for å gjere det, men det er kjekt å hjelpe til i nokre månader og få samfunnet til å gå rundt.

Joar Skorpe jobbar fulltid med å vere direktør for Tanken bensinstasjon. Likevel ville han, med eit par års lærarerfaring, tilby seg å vere skule- og barnehagevikar i Stavanger kommune. Der har det vore store bemanningsutfordringar under pandemien.

Lei av at dei roper ulv

Etter lang tid utan å få svar på søknaden, purra Skorpe på kommunen etter å ha sett ein nyheitsreportasje på NRK om høgt fråvær i barnehagen.

Då fekk han som svar at med nærmare 600 søkarar har kommunen nå avslutta vikarkampanjen.

Det fekk han til å reagere.

– Dei går ut i media og klagar på at dei ikkje har tilsette, men så er det 600 som har søkt vikariat. Då er det ikkje alle fakta på bordet.

Les også: Sofie har hatt ansvar for fleire barn enn ho skal: – Vi er slitne no

Sofie Berg Skrove
Sofie Berg Skrove

Han har høyrt om fleire som har søkt på vikarjobbane, utan positivt svar.

– Eg er lei av at dei roper «ulv ulv», og samtidig ikkje tar i mot hjelp. Dei burde ikkje få folk til å bruke tid på å leggje inn søknad for å bli med i dugnaden.

Vil ta det opp i formannskapet

Leif Arne Moi Nilsen frå Stavanger Frp vart fort engasjert i saka etter Skorpe tok kontakt.

– Han er jo ein travel mann, og når han ser at noko er eit problem så stiller han opp. Då dett lufta litt ut av meg når han må purre på kommunen, og i tillegg blir avvist, seier Moi Nilsen.

Han lurer på kva tankane bak heile vikartilsettinga var, og kva som har skore seg. Derfor ønskjer han å ta opp saka i neste formannskapsmøte i Stavanger.

– Eg blir heilt matt. Denne saka vil eg til botns i.

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp ønskjer å sjå nærare på saka i neste formannskapsmøte i veke 10.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var i haust at alle barnehagar og skular i Stavanger meldte inn behov for vikarar i eigen verksemd.

Kommunen rigga ein felles rekrutteringskampanje for barnehagar og skular, og responsen var stor.

Gav 170 kandidatar

Kommunalsjef for barnehage i Stavanger kommune, Monica Buvig Stenseth, forklarar at det er ulike grunnar til at fleire kandidatar ikkje har fått tilbod om stilling.

Ho peikar blant anna på at behovet var større i barnehagar og barneskular enn i ungdomsskular, medan fleire av søkarane berre var interessert i skule/SFO.

Kampanjen i Stavanger gav 170 kandidatar, som enten har mottatt tilbod, er i sluttfasen av rekrutteringsprosessen eller har takka nei til stilling.

– Prosessen har nok tatt lengre tid enn mange av kandidatane hadde sett for seg. Slike prosessar er alltid tidkrevjande, seier Stenseth.

Denne eposten fekk Joar Torpe etter å ha purra på vikarsøknaden sin
Foto: skjermdump

– Treng kjente og trygge vaksne

Ho har forståing for at nokre av kandidatane reagerer på at dei har fått avslag eller at kampanjen er avslutta, samstundes som dei framleis les om ein krevjande situasjon på grunn av høgt sjukefråvær i barnehagar og skular.

– Men sjølv i den heilt spesielle fråværssituasjonen me opplev i barnehagar og skular no, vil ikkje ukjente vikarar kunne dekke behovet for kjente og trygge vaksne, spesielt i møte med dei minste borna, seier ho.