Stavanger kommune får bot etter tilsyn
Universell utforming-tilsynet gir fire kommunar vedtak om dagbot for feil i digitale læremiddel.
Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på nettsidene til seks kommunar og i elleve digitale læremiddel som desse kommunane brukar.
Fire av kommunane har no fått vedtak om tvangsmulkt for å ikkje ha retta alle feila innan fristen. Dette gjeld følgande kommunar og løysingar:
Bergen kommune: Aski Raski, Brettboka og Aschehoug univers
Stavanger kommune: Skolen frå Cappelen Damm
Tromsø kommune: Creaza og kommunen si nettside
Bodø kommune: Aftenposten junior skole og Showbie
Kommunane risikerer at dagbøtene blir iverksatt dersom feila ikkje blir korrigert innan 13. oktober.
Feila er brot på krava om universell utforming av ikt. Det inneber at dei digitale læremidla ikkje kan brukast av alle, og kommunane bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.