Hopp til innhold

Stavanger kan få «NOKAS-tur» for turistar

Ein guida tur frå norgeshistorias største ran kan bli eit tilbod for turistar som kjem til Stavanger. NOKAS-filmen har vist at mange framleis har stor interesse for dødsranet i 2004, og at historia kan bli fortalt utan å laga heltefigurar av ranarane.

Video Stavanger-guide

Rune Helgø viser fram korleis ein eventuell «NOKAS-tur» kan bli.

Rune Helgø

Jørn Snorre Andersen jobber i NOKAS-bygget, og det er ikkje sjeldent at folk vil koma inn og sjå skotholet i heisdøra som framleis er der.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjølv om dei fleste som kjem til Stavanger spør mykje om NOKAS-ranet, finnes det verken brosjyrar eller turar som kan fortelja om denne svært sentrale hendinga i Stavanger si historie.

  • Kva meiner du om ein guida «NOKAS-tur» i Stavanger? Sei meininga di nedst i artikkelen.

Gamle Stavanger, Domkyrkja og hermetikkindustrien er nå det mest sentrale i ein Stavanger-tur for turistar.

– Kanskje me nå har fått ei opning til å gjera noko nytt; kall det gjerne NOKAS-tur, seier Stavanger guide Rune Helgø.

– NOKAS var alt dei ville høyra om

Han har sjølv merka kor stor interesse det faktisk er for ranet i 2004. Aller størst pågang var det i tida like etter ranet:

– Du kunne ikkje gå eit skritt utan å få spørsmål om NOKAS. Kor ligg bygget, kor var det dei køyrde, kor var det skytinga føregjekk osb...

Han seier at det var heilt umogleg å snakka om turistattraksjonane i Stavanger, og at spørsmåla også haldt fram etter turen var over. At dette er noko som vil vera av interesse for folk også framover er han ikkje i tvil om:

– Dette er noko som skjedde, det kan me ikkje unngå, og for mange er det veldig interessant.

Kritisk

Reiselivsdirektør i Region Stavanger, Elisabeth Lærdal Skuland, er skeptisk til å gjera alvor av ein «NOKAS-tur».

– Me kan såra folk, og me kan tråkke folk på tærne, så her må me vera veldig varsame seier ho.

Ho er ikkje sikker på at tida er inne for å guida folk i området rundt Domkirkeplassen

Fra Nokas-trailer

Slik blir ranet gjengitt i NOKAS-filmen, som snart 200.000 folk har sett.

Foto: Alligator / Sandrew Metronome

Alvorleg hending

Til helga vil NOKAS-filmen passera 200.000 publikumarar, noko som stadfestar interessa for ranet.

Mange har også rosa filmen for at dette ikkje er rein underhalding, og at ranarane ikkje blir gjort til heltar. Noko som vil vera viktig også i ein guida tur om ei hending nært i tid, der ein politimann mista livet.

– Det er mange stader i utlandet dei er svært flinke til dette, dei klarar å gjera ting interessant med måten dei vinklar det på, seier turguiden.

Blanda reaksjonar

Torghandlar Reidar Bårdsen, var sjølv midt i ransdramaet påsken 2004, for han er det viktigaste at ranarane ikkje blir omtala som heltar.

– Eg var sjølv midt oppe i det, derfor vil eg ikkje at dei skal framstå som heltar i folk sine auger, seier han.

Blomsterhandlar

Blomsterhandlar Reidar Bårdsen var midt i dramaet som utspela seg på Domkirkeplassen i Stavanger påsken 2004.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men frå utsalsboda si på torget blir han sjølv ofte spurt av turistar kor NOKAS-bygget er og kor skytinga føregjekk, så han ser at interessa er der.

Men ikkje alle på torget utanfor NOKAS-bygget meiner at dette er ein god idè:

– Det er greitt at det er ein del av norgeshistoria, med å laga ein slik ting ut av det har eg ikkje tru på, seier Marit Ohm.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.