Stavanger Frp vil kutte i sjukeløna

Over åtte prosent av tilsette i Stavanger kommune er sjuke kvar dag. Det vil Frp til livs – med å kutte løna opp mot 20 prosent den første sjukeperioden.

Mads Danielsen

Mats Danielsen i Frp vil ha lågare sjukefråvær, og føreslår å teste kutt i sjukeløna.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Ingen av tiltaka me har prøvd dei siste ti åra har fungert. Me er ikkje i nærleiken av målet på seks prosent sjukefråvær i kommunen, seier Mats Danielsen i Framstegspartiet i Stavanger.

– Då må me vere villige til å prøve eit tøft, og kanskje litt kontroversielt, tiltak, seier han.

Derfor vil Frp at kommunen skal søke regjeringa om ei prøveordning. Forslaget: Å kutte 10–20 prosent av løna dei første 16 dagane.

I dag er sjukefråveret på 8,3 prosent i Stavanger kommune, tydeleg høgare 5,8 prosent, som er snittet for heile arbeidslivet i Noreg. Likevel er det lågare enn i kommunesektoren med 9,7 prosent sjukefråver.

– Lytt heller til dei tilsette

Om forslaget skulle gå igjennom, vil Stavanger vere den første norske kommunen som prøver å redusere løna for sjuke.

– Me har sett erfaringar frå andre land. Sverige betalar berre 80 prosent sjukeløn, og har tydeleg lågare fråvær enn oss, seier Danielsen.

Forslaget møter motbør i bystyret. «Forferdeleg», seier Arbeidarpartiet om Frp sitt forslag.

Kari Nessa Nordtun

Kari Nessa Nordtun i Ap meiner Frp-forslaget er «grunnleggjande urettferdig».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Sjukefråveret er høgt fordi arbeidsforholda ikkje er gode nok. Forslaget er urettferdig, og me vil heller lytte til kva lærarane og sjukepleiarane seier at dei treng – fleire kollegaer, seier Ap sin ordførarkandidat, Kari Nessa Nordtun.

Ap-politikaren viser til at Stavanger brukar mindre pengar på skule enn andre norske storbyar.

Ho meiner fleire tilsette likevel vil spare pengar for kommunen, fordi det truleg vil få ned sjukefråveret.

– Forslaget viser at Frp ikkje har styring i eigen kommune. Etter 24 med borgarleg styre, har dei gitt opp. Dei vil la dei tilsette betale prisen for deira feilslåtte politikk, seier Nessa Nordtun.

Forskar: – Skapar sjukepengefelle

Kutt i sjukeløna kan vere eit effektivt tiltak for å få ned sjukefråveret, meiner forskar Simen Markussen ved Frischsenteret.

Han viser til Sverige og Tyskland, og trur Noreg kunne kutta sjukefråveret med ti prosent. Magnussen ser at det offentlege går inn i tider med trongare budsjett. Mindre i sjukeløn kan vere lurt for å spare pengar, meiner han, men ikkje på denne måten Frp vil.

Simen Markussen

Simen Markussen ved Frischsenteret er i utgangspunktet positiv til sjukelønskutt.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

– Ein skapar ei ordning som blir gunstigare jo lenger du bruker den. Med full løn frå dag 17 gjer du det risikabelt å gå tilbake på jobb, seier Magnussen.

– Viss du står på tredje veka og vurderer å prøve å jobbe igjen, så veit du at viss det ikkje går bra, må du tilbake på låg løn ein runde til. Det skapar ei slags sjukepengefelle, kor folk kan bli borte mykje lenger enn dei hadde trengt, seier forskaren.

Magnussen trur ei gradvis nedtrapping av sjukeløna ville fungert betre.

Kommunalutvalet for administrasjon i Stavanger skal sjå på forslaget onsdag.