Hopp til innhold

Testflyg dronar til naudmedisinsk hjelp: – Kan vera klar om fem år

Stavanger er første testby i EU for dronar som kan frakta naudmedisinsk utstyr. Kommunen meiner at slike dronar kan verta realitet om få år.

Ein drone frå AiRMOUR med naudmedisinsk utstyr på lasset.

Kanskje vil slike dronar i luftrommet verta eit vanleg syn i nær framtid. Det håper i alle fall Stavanger kommune på.

Foto: eHang Scandinavia

Når det oppstår ulukker, er det nødvendig med rask naudmedisinsk hjelp. I Stavanger testar ein ut ei heilt spesiell løysing.

Nemleg dronar som kan frakta naudmedisinsk utstyr, som til dømes hjartestartar.

Lege ved Stavanger legevakt, Robert Wilhelm Joseph, var på plass under ein nyleg demonstrasjon.

– Jo raskare me slepp til med ein hjartestartar, jo betre er det. Med tanke på effektivitet er det ein spanande logistisk utfordring me står overfor nå, men dronar er ein tidssparande ressurs vil eg tru, seier han.

Lege ved Stavanger legevakt, Robert Wilhelm Joseph, var tilstade under demonstrasjonen. Han smiler nøgd, sjølv om demonstrasjonen ikkje var vellukka.

Lege ved Stavanger legevakt, Robert Wilhelm Joseph, trur dronane kan bidra til at folk får raskare medisinsk hjelp.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Også passasjerdronar til naudmedisinsk nytte skal testast ut i Stavanger, men det vert ikkje før neste år.

Kan vera klar om fem år

Det er i samband med det treårige EU-prosjektet AiRMOUR at dronar lasta med naudmedisinsk utstyr skal prøveflygast i by og bynære område.

Drone som skal frakta hjartestartar som ein del av EU-prosjektet AiRMOUR. Her står han ved Mosevatnet i Stavanger.

Hovuddronen letta ikkje under demonstrasjonen, og difor måtte heller ein alternativ drone fly i staden for.

Foto: Arild Eskeland / NRK

I lag med forskingsinstituttet Norse er Stavanger kommune den fyrste til å testa ut dronane i prosjektet (ekstern lenkje). Seinare skal dronane testast i Finland og Tyskland.

Stavanger kommune håper at denne kan takast i bruk om tidlegast fem år.

– I framtida vil det nok verta vanleg med fleire dronar, altså fleire moglegheiter for raskare medisinsk hjelp, meiner prosjektleiar Terje Rygh.

Prosjektleiar Terje Rygh i Stavanger kommune har ansvaret for droneprosjektet. Her er han avbilda under testflyginga ved Mosevatnet.

Prosjektleiar Terje Rygh i Stavanger kommune har tru på at det ikkje går lang tid før ein kan bruka dronar til naudmedisinsk nytte.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Ikkje heilt i mål

Det er den lokale droneoperatøren eHang Scandinavia som flyg dronane for EU-prosjektet.

Trass problem under testflyginga, meiner dronepiloten Stig Idsal at teknologien til å fly slike dronar er på plass.

– Det er frustrerande, men sånt skjer. Kompasset fungerte ikkje. Det hadde vore for risikofylt å flyga, seier Idsal.

Men for å gjennomføra demonstrasjonen var dronepilotane raske med å flyga ein alternativ drone.

Dronepiloten Stig Idsal frå eHang Scandinavia held oppe hovuddronen med hjartestartaren.

Dronepilot Stig Idsal frå eHang Scandinavia hadde med seg ei ekstra drone under operasjonen i går i tilfelle det skulle gå skeis med hovuddronen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Både teknologi og lovverket ligg til rette for at desse dronane kan takast i bruk, meiner Idsal.

Han understrekar at for dei større passasjerdronane som er tiltenkt henting av personar som treng naudmedisinsk hjelp, heng lovverket etter.

– Me må utfordra gjeldande lovverk. EASA-regelverket slik det vert praktisert i Noreg i dag er ein mogleggjerar, ikkje ei hindring, seier Idsal.

– Me er ikkje heilt i mål, men det nærmar seg. Dette er ein god start, legg Joseph til.