NRK Meny

Stavanger får tomteselskap

Stavanger har oppretta eit eige tomteselskap, slik som Sandnes har. Det blei vedtatt i bystyret i dag. Tomteselskapet skal styrast av eit styre på seks personar, der fire av dei er politikarar. I dag er det administrasjonen i Stavanger som har den daglege drift på dette området, og bystyret som styrer drifta. Nå blir dette overlatt til eit kommunalt foretak med eit eige styre. Leiar blir John Peter Hernes. Foretaket overtar verdiar på over 300 millionar kroner.