Hopp til innhold

Stavanger domkyrkje blir gjerda inne etter fleire eldspåsetjingar

STAVANGER (NRK): To gonger på kort tid har brannvesenet rykka ut for å sløkkja brannar ved domkyrkja i Stavanger. Nå blir det sett opp gjerde og videoovervaking.

Brann i tre ved Stavanger domkyrkje

BRANN I TRE: Hundre år gamle tre på Domkirkeplassen i Stavanger blei sette fyr på i natt. Det same skjedde for to veker sidan.

Foto: Politiet

– Me ser med skrekk og gru på det som har skjedd. Både med tanke på korleis dette kunne ha utvikla seg, og med tanke på skaden som har skjedd på uerstattelege tre, seier Bengt Franzen, som er byggeleiar for rehabiliteringsarbeidet som føregår på Stavanger domkyrkje.

Byggeleiar Bengt Franzen frå selskapet Head Energy

Bengt Franzen frå selskapet Head Energy er byggeleiar for rehabiliteringa som føregår på domkyrkja.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Etter fleire eldspåsetjingar i trea rundt den historiske mellomalderkyrkja tar han nå grep.

– Neste veke vil me ha oppe eit gjerde rundt kyrkja, slik at folk ikkje kan koma inn på området her. Me vil også få opp videoovervaking, seier han.

Politiet etterlyser tips

Det var for to veker sidan den første meldinga om brann på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum kom.

Nokon hadde sett fyr på tre i nærleiken av kyrkja, som for tida er under rehabilitering.

I natt skjedde det igjen.

Stavanger Domkirke i strålende solskinn

Stavanger domkyrkje ligg i Stavanger sentrum og er frå 1100-talet.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Me rykka ut i totida på grunn av brann i to av dei same trea som stod i brann for kort tid sidan, seier operasjonsleiar Nikolay Austerheim.

Det er ikkje meldt om lynnedslag så politiet kjenner seg trygge på at brannane er påsette, men enn så lenge har dei ingen mistenkte.

– Når det oppstår regelmessige brannar nære Stavanger domkyrkje så er det klart at me i politiet ser alvorleg på saka, seier Austerheim.

Gjennom Facebook har politiet gått ut og etterlyst tips i saka.

Stavanger kommune har sett i gang tiltak for at dei hundre år gamle verna trea ikkje skal døy

Stavanger kommune har sett i gang tiltak for at dei hundre år gamle verna trea ikkje skal døy.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK