Hopp til innhold

Stavanger budsjett 2020

  • KrF er uroa for kyrkja i Stavanger

    Kyrkjeleg fellesråd i Stavanger får eit kutt på fem prosent i budsjettet sitt til neste år, seier Krf-politikar Anne Kristin Bruns. Det går ut over vedlikehald av kyrkjer og gravplassar, og barne- og ungdomsstillingar i kyrkjelydar, seier Bruns:

    Anne Kristin Bruns
    Foto: Mathias Oppedal / NRK
  • Revurderer innsparinger

    De nye flertallet i Stavanger vurderer å droppe kutt i bevilgninger til frivillige, idrettssekretærer og kunstnere på grunn av en stor skatteinngang i november, skriver RA. Skatteinngangen i november var på 180 millioner kroner mer enn budsjettert

  • Ingen eigedomsskatt i Rennesøy

    Rådmannen i Stavanger foreslår ikkje å innføre eigedomsskatt i Rennesøy til neste år. I Finnøy og Stavanger er det alt eigedomsskatt. Den blir totalt redusert med 70 millionar kroner. Innan 2023, skal det vera eigedomsskatt i heile nye Stavanger.

  • Mindre i eigedomsskatt

    Stavanger kommune taper 70 millionar kroner i eigedomsskatt til neste år, seier rådmann i Stavanger, Per Kristian Vareide. Det skjer som følge av statlege vedtak på eigedomsskattområdet. Kommunen ber regjeringa om å få kompensert dette tapet.

    Boliger i Stavanger
    Foto: Ole Andreas Bø / NRK
  • Fleire fattige i Stavanger

    – Det er for stor forskjell i levekår innanfor Stavanger, og utviklinga går feil veg, seier rådmann Per Kristian Vareide. Han ser på dette som ein av dei store utfordringane for kommunen framover, saman med blant anna klima og miljø.