Aftenbladet går saman med Bergens Tidende, Fædrelandsvennen i Kristiansand og Aftenposten inn i eit felles eigarselskap for dei fire avisene.
Schibsted har fleirtalet av aksjane i det nye selskapet.
Meir enn 2/3 av aksjonær-stemmene måtte vera for samanslåinga med Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Aftenposten.
Resultatet blei 77 prosent for og 23 mot.
Dramatikk
Men det skjedde ikkje utan dramatikk. Schibsted viste si makt på generalforsamlinga i Aftenbladet. Det var uvisst korleis utfallet ville bli. Nei frå Aftenbladet ville ha velta heile Media Norge-prosjektet.
I dei siste minuttane før generalforsamlinga spadde Schibsted opp 330 millionar kroner for å sikra seg kontrollen med generalforsamlinga.
Schibsted kjøpte aksjane til ei gruppe aksjonærar som truga med å seia nei og kunna velta fusjonsplanen. Dei fekk ein svært god pris for aksjane, mot å stemma for samanslåinga.
Schibsted får kontrollen med 5 av dei 8 største mediehusa. Frå før eig Schibsted fullt og heilt dei to største Oslo-avisene, VG og Aftenposten.
Får kontroll
Nå får mediekonsernet i tillegg kontrollen med dei store regionavisene Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen
- Men stor makt betyr ikkje redaksjonell einsretting, seier konserndirektør i Schibsted Birger Magnus.
Han viste til dei to avisene som Schibsted kontrollerer i Sverige, Aftonbladet med utspring i arbeidarrørsla og det konservative Svenska Dagbladet.
Dei regionavisene som går inn i Media Norge, har lenge hatt samarbeid om både artiklar og annonsar.
Men Media Norge er først og fremst eit Schibsted-prosjekt Då Media Norge-prosjektet blei presenteret i Oslo i januar, var det regionavis-leiarar som presenterte prosjektet. Men heile Schibsted-leiinga var til stades, om enn diskret plassert rundt omkring i presentasjons-rommet, både konsernsjefen sjøl Kjell Aamot og kobbelet av konserndirektørar, i tillegg til konsulentar som Schibsted har brukt.
Schibsted best
Leiarane i regionavisene grunngir samanslåinga med nedgangen for papiravisene og behov for større satsing på nettet. Meir uoffisielt seier dei at Schibsted er eit betre alternativ enn andre eigarar.
Skrekkeksempelet er briten David Montgomery, som i fjor overtok Orkla Media og nå ser ut til å mjølka dei tidlegare Orkla-avisene grundig.
Schibsted er er eit reint mediekonsern. Det er eit norsk-kontrollert selskap som tenker langsiktig, seier dei som forsvarar Schibsted-kontrollen.
Regionavisene har ikkje udelt gode erfaringar med blanda eigarskap. Salet av aksjar til Schibsted i går, også frå lokale eigarar, viser at også dei tenker på profitt først og fremst.
Børs og katedral
Avisdrift var lenge både børs og katedral. Nå er det lite katedral igjen. Regionavisene sel sjela si, vil mange seia. Til og med Stavanger Aftenblad, som blei starta av presten Lars Oftedal, gir opp si sjølstendige stilling. Nå er det siviløkonomane som rår grunnen, godt assistert av finansmeklarar og fusjonsekspertar.