NRK Meny
Normal

– Kan styrke beredskapen

Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen følgde i dag kontraterrorøvinga Gemini i Stavanger.

Erna Solberg på Gemini

FØLGJER ØVINGA: Statsminister Erna Solberg er i dag på besøk i Stavanger for å følgje kontraterroraksjonen Gemini.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Denne veka er Stavanger åstad for den årlege kontraterroraksjonen Gemini.

Under øvinga trenar politiet og Forsvaret på å handtere komplekse terrorangrep mot olje- og gassinstallasjonar til havs og på land.

Statsministeren er i dag i byen for å følgje øvinga. Der møter ho personell frå Beredskapstroppen i politiet og frå Forsvarets spesialstyrkar, som deltar i øvinga.

Kan gi betre beredskap

Øvinga blir heldt kvart år, og statsministeren meiner det er viktig for å betre beredskapen.

– Det er viktig å teste at me har kome lengre. At me har fylt hol sidan sist gong me øvde. Det håpar eg at resultatet vil vera. Og så er eg heilt sikker på at denne øvinga også kjem til å vise at det framleis er hol å tette, både med tanke på utstyr, trening, samøving og kanskje også på avgjerdsdelen, seier Solberg.

Aksjonen vert i år leia av politimeisteren i Rogaland, som får bistand frå mellom anna politiets beredskapstropp, Forsvarets spesialstyrkar samt ei rekke andre einingar frå Forsvaret og politiet.

Gemini

ÅRLEG AKSJON: Gemini-øvinga blir heldt kvart år, på ulike stader. I år er Stavanger åstad for aksjonen.

Foto: Forsvaret

– Terror er kriminalitet som politiet har ansvar for å førebyggje, overvinne og etterforske. Difor blir alle kontraterroraksjoner på norsk territorium leia av den lokale politimeisteren, skriv Forsvaret i pressemeldinga.

Øvinga har blitt gjennomført kvart år sidan 80-talet, ifølgje Forsvaret, og blei utvikla med tanke på ein mogleg terrortrugsel mot oljeproduksjon. Difor har fleire politidistrikt med sokkelindustri vore åstad for Gemini.

Ei realistisk øving

Scenarioet for årets øving er ein gisselaksjon på ein plattform i Nordsjøen. Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen var også til stades i Stavanger i dag, han meiner øvinga er realistisk.

– Dette er eit ganske realistisk scenario. Og det som gjer denne øvinga meir realistisk enn tidlegare er at du ikkje veit når alarmen går eller kva som vil vera scenarioet. Du må tilpasse deg undervegs. Det trur eg skapar ein meir realistisk øvingssituasjon, som ein kan lære mykje av, seier Anundsen.

Han meiner at beredskapen i Norge i dag i utgangspunktet er god, men at det er ting som kan bli betre.

– Denne type øving bidreg til å avdekke fleire ting som kan bli betre. Eg trur at ein av dei største utfordringane me har framover er å ha god nok kapasitet til å flytte ressursar raskt. Det å raskt koma til ein åstad som kan ligge eit stykke unna dei nasjonale beredskapsressursane, det er ei utfordring som må adresserast i tida framover, seier Anundsen.