Hopp til innhold

Reduserer utslepp tilsvarande 750 000 personbilar

Fire år før tida har Statoil nådd 2020-målet om å redusera utsleppa av CO₂ med 800.000 tonn. No vil dei redusere utsleppa ytterlegare.

Statoil

Reduksjoneni C=2-utslepp Statoil offentleggjer no svarer til utslipp frå om lag 750 000 personbilar, eller kvar tredje personbil i Norge.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

– Vi har gjennom fleire år arbeidd målretta med energistyring- og effektivisering på alle installasjonane våre, noko som har ført at vi Statoil har nådd klimamål for 2020 med vårt Konkraft-mål. Difor sett vi nå nytt mål, ytterlegare 400.000 tonn innan 2020.

Det seier Arne Sigve Nylund, konserndirektør for Utvikling og Produksjon Norsk Sokkel (UPN).

Les også: Her er oljesjefenes miljøplan

Reduksjonen Statoil offentleggjer no svarer til utslipp frå om lag 750 000 personbilar, eller kvar tredje personbil i Norge.

Arne Sigve Nylund

Arne Sigve Nylund er Statoils konserndirektør for norsk sokkel.

Foto: Inger Johanne Stenberg

Leiande posisjon

I 2008 sette norsk petroleumsindustri seg eit samla mål om å redusera utsleppa frå norsk sokkel tilsvarande ein million tonn CO₂ mellom 2008 og 2020.

Konkraft har hatt regien for prosjektet, der Statoil sin part var 800.000 tonn CO₂-ekvivalentar. Det målet har Statoil no nådd, fire år før tida.

– Statoil har som målsetjing å halde oppe lønsom produksjon frå norsk sokkel på dagens nivå til 2030 og vidare. Skal vi lukkast er vi heilt avhengige av å halde oppe vår leiande posisjon knytt til lave utslepp, seier Nylund.