NRK Meny

Statoil må møta Petroleumstilsynet

Statoil er for andre gong denne veka kalla inn på teppet hos Petroleumstilsynet. Møtet skal skje no klokka 13. Årsaka er avsløringane om at ein tastefeil i India førte til at produksjonen på oljeraffineriet Mongstad i Hordaland blei stoppa. Hendinga skjedde i mai 2014. Statoil har uttalt at dei har gjennomført fleire tiltak sidan då.