Hopp til innhold

Statoil gjer milliardkjøp i Brasil

Statoil kjøper 66 prosent av ein lisens i Brasil. Kjøpet gjeld ein betydeleg del av oljefunnet Carcara som er eit av dei største funna i verda dei siste åra, skriv Statoil i ei pressemelding. Kjøpet fører også til at Statoil vert operatør. Statoil har betalt 2,5 milliardar dollar for eigarandelen.