NRK Meny
Normal

Statoil: – Me følgjer situasjonen tett

Statoil nedbemannar førebels ikkje oljeplattformer, etter meldinga kom om at det er planlagt terror mot eit ukjent mål i Norge.

Statoil sitt hovedkvarter på Forus

Statoil sitt hovudkvarter på Forus i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Etter terroraksjonen mot Statoil i Algerie, har øving på denne type situasjonar hatt høgt fokus i den norske oljebedrifta. Leiinga i Statoil ønsker likevel ikkje å sei noko om kva beredskapsnivå dei ligg på etter pressekonferansen klokka 10.00, der PST opplyste om at det er planlagt ein terroraksjon mot Norge i løpet av dei komande dagane.

– Eg vil ikkje klassifisera beredskapen nå, men vi har ein tett og løypane dialog med norske styresmakter, seier Knut Rostad, som er pressetalsmann i Statoil.

Rostad stadfestar likevel at drifta på plattformene enn så lenge går som normalt, og at det ikkje er snakk om nedbemanning og redusert drift.

– Me vil ikkje konkret kommentera kva enkelttiltak me eventuelt vil setja i verk. Me lyttar til norske styresmakter og dei råd me får der. Me følgjer situasjonen tett og vurderer etter kvart om det er nødvendig å setja inn tiltak.

Melkøya - Snøhvitfeltet

LNG-anlegget på Melkøya utenfor Hammerfest.

Foto: Scanpix

Gassanlegget på Melkøya utenfor Hammerfest har tidligere vært utpekt som et av landets mest utsatte terrormål. Pressetalsmann Rostad vil ikke kommentere om det er økt beredskap ved anlegget.

Politimester Morten Daae i Vestfinnmark politidistrikt sier imidlertid at politiet følger med.

– Vi vil være mer synlig enn tidligere. Som følge av det vurderer vi å hente inn mannskaper som er på ferie, sier Daae til NRK.