NRK Meny

Statoil får færre tilsette

Statoil skal redusere talet på tilsette på sokkelen med om lag 500 personar dei neste tre åra. Det melder Stavanger Aftenblad. Selskapet kjem ikkje til å seie opp folk for å redusere staben. I dag har Statoil om lag 4000 tilsette offshore.