og ntb
Selskapet fekk boten 29. juni, og fekk 3,5 månaders frist til å bestemma seg for om ville godta den. I dag har styret bestemt seg for å betala bota, men dei vil ikkje ta stilling til straffskuld, seier styreleiar Jannik Lindbæk.
- Det betyr at vi verken innrømmer eller avviser straffskuld, sa Lindbæk på selskapet si pressekonferanse i ettermiddag.
Horton-avtalen
Bakgrunnen for saka er den såkalla Horton-avtalen, som vart inngått i juni 2002. Den innebar at oljeselskapet skulle betala 115 millionar kroner over 11 år for råd om forretningsdrift i Iran.
Bak skjulte det seg ein avtale med den iranske
ekspresidentens sin sønn Mehdi Hashemi.
Grunnlaget for bota er at Økokrim meiner at Statoil har gjeve ein såkalla utilbørleg fordel til ein mellommann for å påverka ein beslutningstakar.
Økokrim meiner at Statoil har brote straffelova sin paragraf 276c, som vart sett i verk i juli 2003, eit år etter at avtalen vart inngått. Økokrim meiner at Statoil burde ha sagt opp Horton-avtalen då denne lova kom, men avtalen vart først sagt opp i september i fjor, etter at avisa Dagens Næringsliv hadde sett søkelys på saka.
Den tidlegare direktøren for Statoil si internasjonale avdeling, Richard Hubbard, har fått ei bot på 200 000 kroner. Økokrim meiner at han, saman med Statoil ved styreformannen, er ansvarleg for at ikkje avtalen vart broten då den nye lova kom 4. juli i fjor.
Avtalen førte til at konsernsjef Olav Fjell, internasjonal
direktør Richard John Hubbard og styreleiar Leif Terje Løddesøl måtte forlata Statoil.
Kan få amerikanske følger
Det har tidlegare kome fram at selskapet kan få ei kjempebot frå amerikanske børs-styresmakter om dei vedtek Økokrim-bota.
Dersom Statoil aksepterer bota kan det amerikanske kreditt-tilsynet oppfatta dette som at selskapet innrømmer skuld, men no har altså selskapet understreka at dei ikkje innrømmer skuld sjølv om dei vedtek bota.
Både det amrikanske justisdepartementet og det amerikanske kreditttilsynet har sett i gang eigne granskingar av Statoil i samband med Iran-saka.