Hopp til innhold

Statnett føresler ny kraftleidning til Haugalandet

Statnett vil ha ein ny kraftleidning ut mot Karmøy, fordi det trengs meir straum til Haugalandet for å forsyna den planlagde industriutviklinga.

Det er i ei ny utgreiing til Olje- og energidepartementet Statnett foreslår den nye linja.

Hydro planlegg ein ny aluminiumsfabrikk på Karmøy, og straumforbruket til den og andre industriplanar i området vil krevja meir enn dobbelt så mykje straum som i dag.

– Me har i fleire månader vore i dialog med lokale styresmakter og interesserte partar for å kartlegga kva moglegheiter det er for å forsyna auken i forbruket, seier konserndirektør i Statnett, Håkon Borgen i ei pressemelding.

– Me meiner at ein ny leidning kan byggast utan å laga ein heilt ny trasé, og me trur dette er den beste løysinga, seier Borgen.

For å halda oppe forsyningstryggleiken, samstundes som det aukande kraftbehovet skal dekkast, meiner Statnett det er naudsynt å gjera omfattande tiltak for å få eit tilstrekkeleg løft i kapasiteten.

Dei alternativa som er beskrive i Statnett si konseptvalutgreiing er:

  • Oppgradering av eksisterande leidning frå Blåfalli via Stord til Karmøy og dei to leidningane mellom Sauda og Karmøy
  • Bygging av ny leidning frå aust (eksempelvis Blåfalli)
  • Bygging av ny leidning frå Vestre korridor (eksempelvis Hylen)
  • Bygging av ny leidning frå BKK-området (eksempelvis Samnanger)