Hopp til innhold

– Det har nok skjedd ein glipp i cockpit

Statens havarikommisjon ber Avinor om å vurdera meir kameraovervaking etter å ha brukt lang tid for å finna ut kva som skjedde med dette flyet.

Flyulukke på Sola april 2018

Det var ein Beech King Air B200 som sklei fleire hundre meter på rullebanen etter buklandinga i 2018.

Foto: Politiet / SHK

Det var måndag 9. april 2018 eit propellfly buklanda på Stavanger lufthavn Sola, og sklei 300 meter på rullebanen.

Ingen personar blei skadde i ulukka, som skjedde som følgje av at hjula ikkje var slått ut under landing.

Flyet var på oppdrag for Stavanger universitetssjukehus, og det var lasta med boksar med radioaktive isotopar. Desse skulle brukast i PET-skannaren på sjukehuset.

Boksane blei ikkje øydelagde, og pasientane på sjukehuset fekk behandlinga dei skulle ha.

Statens havarikommisjon har brukt meir enn tre år på å finna ut kva dei meiner er den mest sannsynlege hendingsgangen. I dag kom rapporten, der dei konkluderer med at det truleg var ein menneskeleg feil.

– Det har nok skjedd ein glipp i cockpit, seier avdelingsdirektør for luftfart ved Statens havarikommisjon, Kåre Halvorsen.

Et propellfly landet på Stavanger lufthavns rullebane uten hjul. Buklandingen skjedde uten flytårnet var varslet om at noe var galt.

Eit propellfly landa på Stavanger lufthavns rullebane utan hjul. Buklandingen skjedde utan flytårnet var varsla om at noko var gale.

Usemje om kva som skjedde

Halvorsen seier vidare at det skal koma signal når hjula er ute, og når dei ikkje er ute.

– Me har testa varslingssystemet i etterkant, og ikkje funne feil på det, slår han fast.

Dei som styrte flyet er av ei anna oppfatning. I rapporten står følgjande om korleis fartøysjefen ser på det som skjedde:

«Han har fått lese igjennom utkastet til rapport og har opplyst at han anser at ulykken skyldes mekanisk feil ved flyet»

Buklanding Beech King Air B200

Slik såg flyet ut etter landinga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil ha overvaking

Med bakgrunn i dette meiner Statens havarikommisjon at kameraovervaking av rullebanane hadde vore til stor hjelp i arbeidet med å etterforske denne ulukka.

På Gardermoen har dei denne type overvaking, noko som til dømes var til stor hjelp under kartlegginga av eit SAS-fly som sklei av rullebanen i mai 2015.

– Kameraovervaking kan ikkje hindra ulukker, men i dette høvet kunne det vore til stor hjelp når me skal klargjera hendingsgangen, seier Halvorsen.

I rapporten uttrykker dei eit ønske om at Avinor skal vurdera å innføra permanent kameraovervaking av rullebanane i større grad enn nå.

Avinor: – Ikkje dagleg behov

Avinor har vurdert kameraovervaking tidlegare. Men sjølv om dei har kamera på Gardermoen, er det lite aktuelt med slikt utstyr over alt.

– Dette er svært kostbart, uansett teknologiframdrift. Det er ikkje noko vi som drifter flyplassane har et behov for i den daglege drifta av mange lufthamner, seier pressevakt Harald Nygaard Kvam i Avinor.

– Det er heller ikkje et krav frå norske luftfartsmyndigheiter om å etablere dette fleire stader, legg han til.