Hopp til innhold

Bomringen kan bli utsett, men ordførarar seier nei

Dei massive protestane frå bompengemotstandarane har gjort inntrykk. No opnar staten for å gjere endringar i den nye bomringen på Nord-Jæren.

Jon Georg Dale

Samferdselsminister Jon Georg Dale, leia møtet om bomringen på Nord-Jæren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Etter eit møte mellom den nye samferdselsministeren Jon Georg Dale og styringsgruppa for den nye bomringen på Nord-Jæren er det klart at det kan bli gjort noko med rushtidsavgifta på 44 kroner for kvar passering.

Se video nederst i saken.

Staten set ikkje krav til at det skal innførast rushtidsavgift når den nye bomringen blir innført på Nord-Jæren. Ministeren krev heller ikkje at bomringen må opne den 1. oktober, slik det tidlegare har vore semje om.

Styringsgruppa for ny bompengering på Nord-Jæren møter samferdselsministeren

Møtet skjedde mellom klokka 10 og 11, måndag føremiddag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det betyr at den nye bomringen kan bli utsett frå 1. oktober til seinare. Eit av forslaga er då å vente med innføring til årsskiftet.

Håper på utsetjing

Det er Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap), som etter at bomaksjonane starta i sommar, har stått i spissen for å få fjerna rushtidsavgifta i bomringen. Han har også sagt at han gjerne vil ha utsett opninga til for eksempel årsskiftet.

– Nå har i alle fall ministeren stadfesta at me kan utsetje den nye bompakken, seier han etter møtet.

– Men alle dei fire kommunane og Rogaland fylkeskommunen må vera samde om det?

– Ja, og det kan eg ikkje garantera at kjem til å skje, seier Wirak, men han reknar med at det blir innkalla til eit ekstraordinært møte i styringsgruppa om saka.

Han får støtte av Kristine Enger (Ap), som er ordførar i Randaberg. Ho vil nå ta spørsmålet om utsetjing opp på nytt i kommunen sin.

Vil ikkje usette opningsdagen

Trass i at ministeren opnar for å utsetje innføring av den nye bomringen, kjem ikkje fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) til å gå inn for det.

Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordføraren held fast på 1. oktober som opningsdato

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ho viser til at ministeren krev at dei fire kommunane og fylkeskommunen er samde, dersom dei skal gjera endringar i den vedtatte planen.

– Eg kjem ikkje til å ta initiativ til eit nytt møte i styringsgruppa nå, seier Ege Tengesdal.

Heller ikkje ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H) eller Ole Ueland (H) i Sola vil utsetje opningsdagen.

Blei kalla inn til ministeren

Møtet kom i stand etter at ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, sende eit brev til vegdirektøren, der han bad om svar på fleire spørsmål.

Han ville vita om rushtidsavgifta på 44 kroner, morgon og kveld, kunne kuttast ut utan at heile bomringen måtte leggjast til side.

Pål Morten Borgli og Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), har fått gjennomslag for brevet han har sendt. Her saman med varaordførar Pål Morten Borgli (Frp)

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Wirak ville også vite om rushtidsavgifta kunne fjernast på eit seinare tidspunkt, sjølv om den er med frå starten.

Til sist ville han vita om innføring av den nye ringen kan utsetjast, og om den nåverande bomringen kan gå sin gang i mellomtida.

Krev semje lokalt

Samferdselsminister Jon Georg Dale gjer det klårt at det må vera semje blant ordførarane i dei råka kommunane og at endringar i opplegget for den nye bomringen kan bli gjennomført.

I tillegg gjer ministeren det klårt at det må vera balanse mellom inntekter og utgifter og at pakka samla må føre til at nullvekstmålet for personbiltrafikken står ved lag.